TING PÅ GANG: Denne trappa skal snart skiftast ut. Til dette er Stiftinga K1 Høyanger tildelt ei gåve på to millionar kroner. Frå venstre: Jonny Manseth (Hydro), Dag Nestgjerde (Hydro), Petter Sortland (styreleiar K1), Birgitta Hagen Kyrkjebø (prosjektleiar K1) og Siv Elisabeth Bjørkehaug (kunderådgjevar Sparebanken Sogn og Fjordane).
Publisert 14. mai 2024

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.
Den velkjende trappa rett ovanfor Hydro-anlegget er eit landemerke i Høyanger. Dessverre eit stengt landemerke som er omkransa av mykje skog, men heldigvis er det gode ting på gang.
– Dette prosjektet har vi jobba lenge med, og vi har hatt både opp- og nedturar. Denne tildelinga betyr særs mykje for prosjektet, seier Petter Sortland, styreleiar i Stiftinga K1 Høyanger.
Tildelinga han siktar til er at K1 er tildelt to millionar kroner i gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Vi håpar at bidraget gjer til at prosjektet med den nye trappa no blir realisert. At dette igjen vert noko som både Høyanger-folket og tilreisande kan bruke. Det er sårt sakna blant lokalbefolkninga her, så dette er vel fortent, seier Siv Elisabeth Bjørkehaug, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane i Høyanger, og som fekk æra av å dele ut sjekken.

Håpar på 2025

Nedturen Sortland siktar til innleiingsvis var då Statkraft i 2021 stengte anlegget, men i fjor kom gladmeldinga om at Statkraft har løyva 20 millionar kroner til modernisering av trappa. Og under seansen måndag der Bjørkehaug informerte om gåva frå bankoverskotet, følgde Jonny Manseth frå Hydro opp med at målet er at den nye trappa skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.
– Vi tenker at det vil vi gi som ei gåve. Tanken er at Hydro Recycling, som er nyoppstarta, skal sende skrapmetall til vår underleverandør Sapa, som igjen skal omforme det til profilar som skal brukast i trappa. Totalt vert det 30-35 tonn, seier Manseth.
Prosjektet med ny trapp har med andre ord bra med vind i segla om dagen, og ifølge prosjektleiar Birgitta Hagen Kyrkjebø har dei eit håp om at 2025 vert året der hengelåsen på utsida av trappa vert låst opp.
– Dette hjelper kjempegodt på! Vi er utruleg glade. No er vi på god veg til å klare finansieringa, seier Hagen Kyrkjebø, som legg til at dei no skal i gang med å jobbe med sponsoravtalar elles i næringslivet.

Moderne – men skal bevare historia

Historia med K1-trappa går over 100 år tilbake i tid, og sjølv om trappa skal skiftast ut, er dei opptatt av at industrihistoria skal takast vare på.
– For Høyanger-samfunnet, ung og gammal, så handlar dette om identitet, seier styreleiar Sortland, som også er ordførar i kommunen.
I prosjektet har dei fått hjelp av Christina Kvamme i arkitektfirmaet Xform i Førde, som kom med ideen om å både bevare, men også fornye.
– Det nye trappeanlegg skal bli eit reiselivsfyrtårn her i Høyanger, det er målet. Ein turistattraksjon som undervegs i løypa skal vise fram mykje av industrihistoria i Høyanger.
Det seier prosjektleiar Hagen Kyrkjebø, som saman med resten av K1-stiftinga aldri har vore nærmare realisering av det dei har jobba så hardt for.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024