Smarte banktips til sommarferien

Skal du på ferie i år? Då har vi nokre smarte tips som kan gjere både korte og lengre turar tryggare og betre.

Last ned mobilbanken

Mobilbanken vår er kåra til ein av landets beste. Der får du ordna mykje lurt når det gjeld ferie og kort.
  • Opne regionsperra for dei landa du skal feriere i
  • Full oversikt på bruken på korta dine
  • Sperre kort dersom du skulle vere uheldig å miste eitt av dei
  • Valutakalkulator er lett tilgjengeleg utan å logge inn
  • Chat med kundesenteret vårt
Du kan laste ned mobilbanken frå App Store eller Google Play.

Betal i lokal valuta

Dersom du vel norsk valuta er det butikken eller minibanken som set kursen, og den vil nesten alltid vere dårlegare for deg enn om du lar Visa gjere det. Tommelfingerregelen er derfor: betal alltid i lokal valuta.

Bruk Apple Pay og Google Pay

Betal enkelt og trygt både i butikken, via appar og på nett med mobil eller klokke! Har du Visa Classic, Visa Kreditt eller Visa Debet, kan du ta i bruk Apple Pay eller Google Pay hos oss.
Kom i gang med mobilbetaling

Bruk kredittkortet som hovudkort

Bruker du kredittkortet som hovudkort når du handlar, får du 0,5 % tilbake på alle kjøp og du kan sjekke at alle beløpa stemmer før du betaler kredittkortrekninga. Og skulle du vere uheldig å bli svindla, vil dei ikkje kunne tømme heile kontoen din. Hugs likevel å ha med to kort i tilfelle du mister det eine, eller om du ikkje får betalt med mobilen. Då er det lurt å ha dei fysiske korta med seg. Priseks: Effektiv rente 23,7%. 15 000 kr o/12mnd, kredittkostnad 1860 kr. Totalt 16 860 kr.
Bestill kredittkort

Kort til barn og tenåringar

Både barnekortet og ungdomskortet (Visa Debet) kan brukast i utlandet. Beløpsgrensene er dei same som for bruk i Norge, og begge korta kan brukast kontaktlaust. Ungdomskortet kan i tillegg aktiverast i Apple Pay og Google Pay dersom ungdomen ønsker å betale med mobilen.
Les meir om bankkorta våre

Reiseforsikring og Eyr-appen

Vi tilbyr Frende reiseforsikring som har blitt kåra til best i test, fleire år på rad. Den er like god om du er på fjellet, i fjæra eller ved fjorden i Norge som i utlandet. Den er til og med like god om det skulle oppstå eit uhell, eller ein skade når du skal ein tur på butikken.
I tillegg får du gratis legehjelp via Eyr-appen. Der kan du få tilvisingar, reseptar og anna legehjelp når du er på tur.
Les meir og bestill reiseforsikring

Feriere i Sogn og Fjordane?

Sommaren i Sogn og Fjordane er full av arrangement og festivalar. Her kan du sjå dei arrangementa vi er med og støttar, og som er med og skaper liv og røre om sommaren.
Sjå sommarens arrangement