Leif Arve er frå Sogndal, men er busett i Sunnfjord. Han starta i banken i juli 2022 og arbeidar som autorisert kunderådgjevar ved kontoret vårt i Førde. Leif Arve har ein bachelor i økonomi og administrasjon og over 12 års bankerfaring.
Leif Arve ønsker at kunden skal oppleve Sparebanken Sogn og Fjordane som ein trygg plass å vere - både i gode og dårlege tider. Denne tryggleiken skal komme frå ei skreddarsydd løysing frå ein rådgjevar som kjenner kunden godt. Han vil at kunden skal få ein sparring-partnar som vil lytter dobbelt så mykje som han pratar sjølv.