Alice Sandal

kunderådgjevar privat

Alice kjem frå Sauda, og er busett på Leikanger. Ho starta å jobbe i banken august 2022, og jobbar i dag som kunderådgjevar privatmarknad ved kontoret vårt i Sogndal. Alice er utdanna fagøkonom innan økonomi og leiing, og har fagbrev innan kontor og administrasjon.
Alice synest jobben som kunderådgjevar er gjevande, ho likar å bli kjent med nye menneske. Ho blir motivert av å sjå moglegheiter for kvar enkelt kunde, og ønsker at alle skal lukkast med sin privatøkonomi. Som rådgjevar vil Alice vere ein god støttespelar som fokuserer på ein trygg økonomisk kvardag. Det er viktig for ho at kundane opplev banken som tilgjengeleg og nær.