Nettbank og pålogging

Kva gjer eg om eg har gløymt BankID-passordet mitt?

Om du har gløymt BankID-passord må du ta kontakt med kundesenteret vårt på telefon 57 82 97 00.

Eg brukar ikkje BankID og har gløymt nettbank-passord

Har du gløymt nettbank-passord kan du bestille nytt her.

For å bestille må du legge inn brukarnamn og kode frå kodebrikka. Passord vert sendt automatisk til e-postadressa du har registrert i banken sine system.

NB! Brukar du BankID og har gløymt passord, må du kontakte Kundesenter.

 

Kvifor får eg feilmeldinga "Feil passord" ved pålogging til nettbanken?

Denne meldinga kjem av at du legg inn feil i passord. Er du sikker på at du har skrive inn passordet ditt 100% rett? Har du endra passordet ditt i det siste, og skriv inn det gamle? Dersom du har gløymt passordet, må du kontakte kundesenter på tlf
57 82 97 00 for å få tilsendt nytt.

Kva gjer eg om eg har mistanke om at passord eller kodebrikka mi er på avveie?

Har du mistanke om at passord eller kodebrikke er på avveie, skal din BankID sperrast - du kan ringe oss heile døgnet på telefon 57 82 97 00, hugs + 47 framfor nummeret dersom du er i utlandet. For å oppheve sperring av BankID kan du ta kontakt med kundesenteret vårt i banken sine opningstider.

Kva gjer eg om eg har mistanke om svindel i nettbank eller nettbank bedrift?

Dersom du oppdagar eller mistenker svindel i nettbank eller nettbank bedrift kan du ringe banken si sperreteneste på telefon 75 12 89 60. Tenesta er open heile døgnet. Du kan også ringe banken på 57 82 97 00 i banken si opningstid.

Kva gjer eg om kodebrikka sluttar å fungere?

Dersom kodebrikka sluttar å fungere kan du logge på nettbanken din med BankID på mobil og sende oss ei melding om at du ønsker ny kodebrikke. Om du ikkje har aktivert BankID på mobil, ring kundesenteret i vår opningstid.

Er det lite batteri på brikka di, men den kan framleis brukast? Logg inn i nettbanken din og aktiver BankID på mobil slik at du kan bruke dette til å identifisere deg medan du ventar på ny kodebrikke. Send ei melding til oss frå pålogga nettbank om at du ønskjer ei ny kodebrikke, bekreft gjerne adressa di i meldinga til oss.
Merk: Når kundesenteret bestiller ei ny kodebrikke vil den gamle brikka slutte å virke med ein gong. Så om du ikkje ønskje å benytte deg av tenesta BankID på mobil må du hugse å gjere ferdig ting som hastar i nettbanken før du sender oss ei melding.

Merk: Sjølv om du bestiller BankID på mobil må du framleis behalde brikka di då enkelte større signeringsoppdrag krev brikke, og for å aktivere BankID på mobil igjen om du byttar sim-kort eller abonnement.

Om du heller å kontakte oss på telefon kan du ringe kundesenteret på nummer:

57 82 97 00. Opningstida for kundesenteret finn du lenger opp på sida.
Kva gjer eg når eg få beskjed om at nettbanken min er blokkert?

Ta kontakt med kundesenter på tlf 57 82 97 00 så hjelper dei deg med å låse opp blokkeringa. Årsaka til blokkeringa er at du har lagt inn feil passord eller kode frå kodebrikke for mange gonger.

Korleis endrar eg BankID-passordet mitt?

Du kan endre passordet ditt ved å logge inn med BankID, skriv fødselsnummer, vel Meny og "Endre passord". BankID-passord må vere 8 teikn/tal langt.

Kva nettlesarar støttar BankID?

BankID uten Java vil fungere på dei fleste nyare datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar som har nettlesar. Internet Explorer 8 og eldre er ikkje støtta, heller ikkje iOS 5 og 6.

Test om du kan bruke BankID utan java på BankID Norge sine nettsider.

Ønsker du å oppgradere nettlesar finn du informasjon på denne sida.

Kva betyr feilkode BID 2031?

Det er som regel to årsaker til at denne feilkoden oppstår:

1. Du brukar ein PC med Internet Explorer 9, 10 eller 11 på eit jobbnettverk. Løysing: Her må administrator (IT-ansvarleg) i bedrifta gjere ei endring i Internet Explorer (9/10/11) for at BankID skal fungere. Du finn informasjon om korleis dette kan gjerast på BankID Norge sine nettsider.

2. Du brukar ein PC med eit operativsystem eller en nettlesar som ikkje er oppdatert til nyare versjon. Løysing: Oppdater PC-en slik at du har siste versjon av operativsystem eller nettleser. Nye versjonar er sikrare, og bidrar til at BankID fungerer raskere. Les meir om korleis du kan oppgradere nettlesaren din.

Kva betyr feilkode BID-1031?

Av og til kan man oppleve å bli kasta ut av nettbanken med feilmeldinga "Systemfeil". Dette kan skuldast at PC'en byttar IP-adresse mens du er pålogga. Av sikkerheitshensyn tillet ikkje nettbanken at IP-adressa blir endra medan du er pålogga.

IP-adressa er ei adresse ein får tildelt av sin internettleverandør for å kunne surfe på nettet. Det kan vere ulike årsaker til at IP-adressa vert endra medan du er innlogga i nettbanken.

 

Internett tilkobling:
 3G-tilkobling (Mobilt bredbånd): Dersom du brukar 3G-kort til koble deg til internett, er det større risiko for at denne feilen oppstår. Dersom du sit på Internett med et 3G-kort og samtidig oppheld deg i ei trådlaus sone, er det mogleg at PC'n automatisk bytter mellom å bruke tilkoblingen via 3G og det tilgjengelige trådlause nettet. Dette vil medføre at PC'n får tildelt ei ny IP-adresse. Dersom dette skjer når du er logga inn i nettbanken vil du av sikkerheitsmessige årsaker bli kastet ut.

 

Situasjonen vil også kunne oppstå for deg som nyttar ISDN oppkobling heime.

 

Enkelte kundar som har ADSL heime har også opplevd dette. Det kan vere innstillingar i ADSL-modem som er årsaka til at det blir tildelt ei ny IP-adresse. I dei tilfella dette oppstår må du ta kontakt med din internettleverandør for å få ei forklaring på kvifor det skjer. Normalt skal det ikkje vere noko behov for å tildele ein PC ny IP-adresse så lenge den er koblet opp på Internett.

 

Vi har sett enkelte sikkerheitsprodukt retta mot bedriftsmarknaden kan skape denne type problemstillingar. Programvaren gjer at ulik type trafikk kjem frå ulike ip adresser. Eksempel på slik programvare er Scansafe. HTTP og HTTPS trafikk går via Scansafe, medan pålogging og signering med BankID går direkte frå kunden. Dette gjer at IP-adressa vert bytta og du får feilmeldingen BID-1031.

Kva betyr feilkode BID-1118?

Feilkode BID-1118 er som regel knytta til feil i oppsett av datamaskin eller heimenettverk. Prøv å slå PC'en av og på, og logg inn igjen om 5-10 minutter. Dersom dette ikkje hjelper må du kontakte din nettverksleverandør for support. Fortsetter du å få feilkode BID-1118 etter dette, ta kontakt med oss på telefon 57 82 97 00.

Kva betyr feilkode BID-1337?

Denne feilen vert normalt løyst ved å lukke nettleseren og prøve på nytt.

Kva betyr feilkode BID-1433?

Dette vert normalt løyst ved å starte maskina på nytt, og skrive inn "www.ssf.no" i adresselinja. Ikkje bruk ein snarveg for å logge inn i nettbanken.

Kva betyr feilkode BID-1439?

Feilkode BID-1439 betyr at din BankID er sperra. Ta kontakt med oss på telefon 57 82 97 00 så hjelper vi deg. Vi vil stille deg nokon spørsmål for å kontrollere identiteten din. Er vi trygge på at du er den du utgir deg for å vere, vil sperra bli oppheva.

Kva betyr feilmelding BID-5000?

Feilmeldinga betyr at det er ein kommunikasjonsfeil mellom datamaskina di og banken. Forslag til løysing: Lukk nettlesar og prøv på nytt om 5 minutt. 

Kvifor får eg opp feilmeldinga "Feil data tasta inn" når eg prøver å logge meg på nettbanken med BankID?

Denne feilmeldinga kjem opp når du har lagt inn feil fødselnummer eller feil engangskode frå kodebrikke. Sjekk at fødselsnummer og engangskode frå kodebrikke er lagt inn rett.

Kvar kan eg bruke BankID?

BankID kan brukes på alle brukerstadar (herunder nettbankar) som er tilknytta BankID. Oversikt over bruksområde og brukarstader finn du på denne sida.

 

Kva kan eg gjere for å sikre PC'en min?

Informasjon om korleis du sikrar PC'en din finn du her.

Kva for nettlesar støttar nettbanken?

Oversikt over nettlesarar som nettbanken støttar finn du her. Hugs å alltid ha oppdatert til siste versjon.

Korleis slettar eg midlertidige filer i nettlesar?

Internett Explorer 8.0 og 9.0
1. Klikk på Verktøy (tannhjul oppe til høgre)
2. Vel Sikkerhet
3. Klikk på Slett leserlogg
4. Klikk Slett
5. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Mozilla Firefox
1. Klikk på Verktøy
2. Vel Slett nylig historikk
3. Vel Alt i lista for Slett tidsrommet
4. Klikk Slett nå
5. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Google Chrome
1. Klikk på symbolet oppe til høgre (tre strekar)
2. Vel Logg
3. Klikk Slett alle nettlesardata
4. Vel Tidenes morgen i nedtrekksmeny
5. Slett logg
6. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Opera
1. Klikk på Opera oppe til venstre
2. Vel Innstillinger
3. Klikk på Slett private data
4. Klikk Slett
5. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Safari
1. Klikk på Safari oppe til venstre
2. Vel Tøm buffer
3. Klikk Tøm
4. Lukk nettlesar og prøv på nytt

Kvifor får eg beskjed om å fornye BankID?

BankID må fornyast kvart andre år. Når du fornyar BankID må du lage deg eit nytt BankID-passord. Dersom du ikkje har fornya BankID når det er 11 dagar igjen til den utløper, vil du få ein SMS om dette. Om du ikkje loggar deg inn innan desse 11 dagane vil BankID bli tilbakekalt og du må bestille BankID på nytt i nettbanken din.

Kvifor vert eg logga ut av nettbanken?

Av sikkerheitshensyn blir du automatisk logga ut etter 14 minutters inaktivitet. Dette vert gjort for å verne deg om du gløymer å logge deg av før du går frå PC.

Skal eg melde adresseendring til banken når eg flyttar?

Nei, banken er knytta opp mot folkeregisteret og får oppdaterte adresseendringar frå dei ein gong pr. månad. Det betyr at du ikkje treng å endre adresse når dette er meldt Folkeregisteret.