Lån

Korleis kan eg innfri eit lån?

Då kan du sende oss ei melding til denne adressa : innfri.lan@ssf.no med opplysningar om kva for eit lån det gjeld, så ordnar vi resten, og tar kontakt.

Kva må eg gjere for å få auka terminbeløp på lånet mitt?

Denne kan du endre ved å fylle ut eit skjema i nettbanken. Dette finn du i Meny - Søk lån - Auke terminbeløp. Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du loggar deg på gjennom denne lenka.

Kva må eg gjere om eg ønsker å endre belastningskonto på lånet mitt?

Denne kan du endre ved å fylle ut eit skjema i nettbanken. Dette finn du ved å klikke på aktuell lånekonto og knappen Detaljar. Klikk deretter på linken "Endre belastningskonto". Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du brukar denne lenka.

Kva må eg gjere om eg ønsker å endre forfallsdato på lånet mitt?

Denne kan du endre ved å fylle ut skjema i nettbanken. Dette finn du ved å klikke på aktuell lånekonto og knappen Detaljar. Klikk deretter på linken "Endre forfallsdato". Du kjem direkte til skjema i nettbanken om du brukar denne lenka.

Kva må eg gjere for å få betalt inn ekstra på lånet mitt?

Dette gjer du ved å fylle ut eit skjema i nettbanken. Skjema finn du i nettbanken ved å klikke på Meny - Søk lån - Ekstra innbetaling på lån. Du kjem direkte til skjema i nettbanken om loggar deg på gjennom denne lenka.