Finansmarknadsaktørar og finansrådgjevarar er pålagt å integrere alle relevante finansielle risikoar i investeringsrådgjevinga si. Dette inneber alle relevante berekraftsrisikoar som kan ha ein relevant vesentleg negativ innverknad på avkastinga på ei investering eller eit råd, og kontinuerleg vurdere desse. Dette er eit krav frå EUs Offentleggjeringsforordning "SFDR", som er innført i norsk lov om berekraftig finans.
Sparebanken Sogn og Fjordane er ein del av det norske finanssystemet og tilbyr investeringsrådgjeving i finansielle instrument. I samsvar med lov om berekraftig finans er vi definert som ein finansrådgjevar.
Berekraftsrisiko kan påverke verdien av ein investering negativt.

Kva er SFDR?

SFDR står for 'Sustainable Finance Disclosure Regulation' og er EUs regelverk rundt offentleggjering av korleis rådgjeving av berekraft blir handtert av finansielle rådgjevarar.
SFDR er tatt inn i norsk lov, og blir kalla 'Offentleggjeringsforordningen'. Forordninga pålegg alle finansielle rådgjevarar i Norge å publisere ei redegjering for korleis berekraft er integrert.

Integrering av berekraft i Investeringsrådgjeving

I rådgjevinga vår vurderer vi berekraftsrisiko gjennom miljø, sosiale og styringsmessige faktorar (ESG). Gjennom rådgjeving eller i spareroboten vår spør vi alltid kunden om berekraftspreferansar for å sikre at rådgjevinga er tilpassa kunden sine verdiar og mål.
Ved investeringsrådgjeving skal kunden få foreslått finansielle instrument basert på kva produkt som egnar seg for kunden, gitt kunden sine individuelle forhold og preferansar. Banken spør kunden om berekraft er viktig for kundens portefølje og kva omsyn kunde ønskjer å vektlegge i si portefølje ut frå desse temaene;
- Klassifisering av fond basert på SFDR.
-Investeringens negative påverknad på berekraftsfaktorar etter PAI regelverket.
- Klassifisering etter EU-taksonomien.
- For kundar som treng finansielle instrument innanfor valuta-, rente- eller råvaremarknaden, vil det vanlegvis ikkje vere berekraftsrisikoar som vert vurderte som relevante. Når det gjeld investeringsrådgjeving med sikte på å sikre underliggande eksponering i desse marknadane, vil ikkje SSF ta omsyn til berekraftsrisiko når vi foreslår passande instrument.

Produktkategoriar

Vi har organisert fonda våre i tråd med SFDR-krava:
- Fond med eit berekraftsmål (Artikkel 9)
- Fond som fremjar miljø eller sosiale karakteristikkar (Artikkel 8)
- Andre fond utan spesifikke berekraftsmål

Retningslinjer for godtgjersle

Sparebanken Sogn og Fjordane har ikkje variabel løn. Våre retningslinjer for godtgjersle reflekterer ikkje direkte investeringsrådgjeving eller berekraftsrisiko, og berekraftsrisiko har ikkje påverknad på godtgjørelsesstrukturen i banken.