Frå 1. januar 2023 er det lovpålagt med ansvarsforsikring på el-sparkesykkel. Hos oss kan du forsikre el-sparkesykkelen din gjennom Frende.

Påbod om ansvarsforsikring

Styresmaktene har bestemt at ansvarsforsikring på el-sparkesykkel blir påbode frå 1. januar 2023. Dersom du ikkje er forsikra og det skjer eit uhell der du er skuldig skade på andre eller på ting, kan det få store økonomiske konsekvensar for deg fordi du må betale sjølv. Foreldre tar det økonomiske ansvaret dersom det er eit barn som køyrer uforsikra og gjer skade. Forsikringa kan òg vere til stor hjelp viss førar sjølv blir skadd.

Kva dekker ansvarsforsikringa?

Forsikringa dekker skader som har blitt påført førar og andre menneske, og andre sin eigedom og eigedelar. Vil du ha forsikring mot for eksempel brann eller tjuveri, må du ha eiga dekning for det.

Reglar for el-sparkesyklar

  • Maks hastigheit på 20 km/t
  • Aldersgrense på 12 år
  • Påbodet med hjelm for barn under 15 år
  • Maks ein førar på el-sparkesykkelen
  • Promillegrense på 0,2
  • Låg fart og aktsemd på fortau
  • Ansvarsforsikring pålagd utleigeselskap 01.09.22 og pålagd eigarar av el-sparkesyklar 01.01.23
Les meir hos Frende