bli bedriftskunde

For å bli kunde hos oss treng vi litt informasjon frå deg. Ha gjerne klar følgjande dokument, så blir det lettare å fylle ut opplysningane vi ber om :
  • Firmaattest eller stiftelsesdokument og vedtekter
  • Fødselsnummer, namn og adresse for eigarar
  • Nøkkeltal for verksemda

1. Erklæring frå deg som kunde:

Først fyller du ut Kundeerklæringsskjemaet som omhandlar kvitvasking og organisasjonsstruktur, og som vi er lovpålagte å spørje om. Er bedrifta di under etablering og manglar organisasjonsnummer, lar du dette feltet stå ope.

Hugs å lagre skjemaet på PC-en din, og last det opp som vedlegg i skjemaet i pkt.2. Du treng ikkje signere skjemaet for hand. Det kan du gjere seinare saman med kontoavtalen du får tilsendt.

2. Fyll ut registreringsskjema:

Søk om å bli bedriftskunde hos oss her.

NB! Dersom du har eit enkeltmannsføretak må du først registrere deg som personkunde hos oss. Bli personkunde her.

 







Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00