Gliser for nok ei gåve til ikoniske Eggenipa



GOD STEMNING: Bjarte Heggheim (i midten) viser fram parkeringsplassen som gåva på 200 000 i 2019 har vore med og finansiert. Med seg på omvisninga hadde Jan Arve Frøyset (t.h.) og Odd Kjetil Tonning i Sparebanken Sogn og Fjordane ei ny gåve på 200 000 som skal gå til stiprosjektet opp fjellet i bakgrunnen.
11. november 2021 – Kristian Helle

I 2019 fekk dei 200 000 kroner til ny veg og parkeringsplass. No får dei nye 200 000 når hovudprosjektet opp det spektakulære fjellet skal setjast i gang.
Du har kanskje vore på Eggenipa? Om ikkje har du sikkert sett den spisse toppen frå E39 på veg frå Gloppen til Jølster. No skal stien opp til det ikoniske fjellet utbetrast.
Som ein del av finansieringa til prosjektet Eggenibberåsa får dei nye 200 000 kroner Det betyr at prosjektet har fått totalt 400 000 kroner i gåve frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Dette er eit formidabelt bidrag. Veldig bra! No er vi 600 000 kroner frå å vere fullfinansiert, så vi er nesten i mål med budsjettet, seier Bjarte Heggheim, styreleiar i Eggenibberåsa AS.
(Artikkelen held fram under bildet.)


OVERREKKING: Med Eggenipa i bakgrunnen fekk Bjarte Heggheim (styreleiar i Eggenibberåsa AS) gåva på 200 000 kroner. Odd Kjetil Tonning (banksjef privatmarknad i Nordfjord) til venstre og Jan Arve Frøyset (kontorleiar i banken på Sandane) til høgre.

6000 timar dugnad
Tilkomstvegen og parkeringsplassen sto klar i 2020, og til våren skal dei i gang med å utbetre sjølve stien opp til Eggenipa, som ligg 1338 meter over havet. Heggheim seier at dei håpar at denne stien er ferdig om to år. Jobben skal gjerast av entreprenørar, i tillegg til at dei siste 600 meterane skal utførst av sherpaer. Og ikkje minst skal veldig mykje jobben gjerast på dugnad.
– Det er veldig mykje dugnad som vert lagt ned her, og det er ein av grunnane til at vi synast det er kjekt å vere med og støtte. Dette er eit godt folkehelseprosjekt, og det er positivt både for lokalbefolkninga og for turismen, seier Odd Kjetil Tonning, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef i Nordfjord.
– Vi har rekna 6000 dugnadstimar i prosjektet, seier Heggheim.
– Det er enormt. Det er utruleg mykje! skyt Jan Arve Frøyset inn. Han er kontorleiar i banken på Sandane.
– Ja, det er mykje. Men så er dei her i Breim godt kjende med å stille på dugnadsarbeid, så det er veldig bra, seier styreleiar Heggheim.
Mykje besøkt
I 2019 vart det 2000 besøkande på Eggenipa, medan det i 2020 var 4000.
– 2020 var kanskje ikkje heilt representativt grunna korona, då trafikken i friluftsområde var litt større enn normalt. Men vi hamna på det same talet i år også, og det er nok ein realisme i at det vil auke framover, seier Heggheim.
Han får støtte av banksjef Tonning:
– Det er heilt klart at fleire og fleire har fått auga opp turisme innanlands. Populære turistmål blir nok godt besøkt også framover, og vi er sikre på at dette gjeld Eggenipa også, seier han.
– Det er fleire som har vore her som også har gått Besseggen. Og dei meiner at turen til Eggenipa er vel så fin, avsluttar Heggheim.
Meir om prosjektet kan du lese her (https://www.eggenipa.no/prosjekt-nibbersa). Også Firda Tidend var med på overrekkinga, og har du abonnement hos dei kan du lese saka her (https://www.firdatidend.no/reportasjar/eggenibberasa-fekk-raus-gave/).


MAJESTETISK: Frå E39 er det ikkje vanskeleg å få auge på Eggenipa som ligg 1338 meter over havet.

Siste frå meirennbank.no

Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket

Jordbruksoppgjeret er like rundt hjørnet, og i år er det store forventningar til lønsforhandlingane. Bransjeansvarleg Ørjan Skåden gir deg eit innblikk i landbruksbransjen sine utfordringar og moglegheiter i 2024.

Les heile saka
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024
Vårsjekken på hus og hytte14. april 2024
Tre millionar kroner til Kunnskapsparken Vestland12. april 2024