Ny turveg opna: – Eg er både glad og stolt


ENDELEG KLART: Ny grusveg i flotte omgjevnader er klar for bruk i Naustdal.
11. mai 2022 – Kristian Helle

Folk strøymde til då ein heilt ny turveg vart opna i Naustdal. På opningsfesten dukka banken opp med 100 000 kroner.
– Dette er prikken over i-en, seier Stian Grimseth og smiler.
Gåva han fekk opp i hendene på opninga av ein heilt ny turveg i Naustdal er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Jobben starta i 2017
Nemnde Grimseth er inititavtakar til den nye turvegen som startar på Jarane, rett på andre sida av elva for innkøyringa til Naustdalstunnelen. Den går langs elva og opp Grimsethmarka, og til saman er vegen 1,5 kilometer lang.
– Det følast godt. Dette har vore eit prosjekt som har pågått nokre år. Vi begynte sovidt i 2017, så vi har jobba nokre år. Men det vart veldig bra, og det har blitt eit flott anlegg som allereie er mykje brukt, seier Grimseth.
– Då eg gjekk langs med her då det var ferdig, då må eg seie at eg var både glad og stolt, legg han til.
(Artikkelen held fram under)


GÅVE: Magn Henning Helgås i Sparebanken Sogn og Fjordane hadde med 100 000 kroner til Stian Grimseth og Naustdal Fram, som er mottakar av gåva.

– Veldig bra!
På opninga tysdag var det imponerande stort oppmøte. Skuleelevar, barnehageungar, ordførar, grunneigarar, bidragsytarar og fleire.
Blant desse var Magn Henning Helgås, som er assisterande banksjef på bedriftsmarknaden i Sunnfjord. Han hadde æren av å dele ut gåva på 100 000 kroner. Med den ferske gåva betyr det at prosjektet har fått totalt 200 000 kroner frå bankoverskotet gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
– Dette turområdet har blitt veldig bra, og for Naustdal er det viktig at det no er på plass. Tidlegare når ein skulle ferdast langs elva og i sentrumsområdet, så har det vore langs trafikkerte vegar. No vert det noko heilt anna, og er eit veldig bra supplement til andre turmoglegheiter i området. Eit kjempeflott prosjekt som er tilrettelagt for alle, seier Helgås.
– Vegen hadde heller ikkje blitt noko av utan velvillige grunneigarar, så det er veldig flott, legg han til.
Turveg for alle
Grimseth trekker også fram noko av det Helgås er inne på, nemleg at denne vegen er for alle
– Skular og barnehagar har allereie begynt å bruke det mykje, så det er kjekt. I tillegg er det også fullt mogleg å reise innover her med elektrisk rullestol. Vegen gjer at ein får tilgang til elva og naturen utan å ha bilar og støy rundt seg. Her kan ein berre høyre elva og fuglane. Ja, nyte naturen, og det er viktig, seier Grimseth.


OPNING: Barnehageungane følgte spent med då ordførar Jenny Følling i Sunnfjord kommune opna den nye vegen.


1,5 KILOMETER: Vegen går langs elva frå Jarane før den stig oppover mot Grimsethmarka.

Siste frå meirennbank.no

Slik tar du vårsjekken på økonomien

Våren er tid for opprydding! Med desse tipsa kan du få unna vårreingjeringa også når det gjeld privatøkonomien din, og sikre deg ein solid start på resten av året.

Les heile saka
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024
– Dette vil bidra til meir mangfald i bransjen18. april 2024