Ei av dei største oppgåvene til landbruket i framtida er å dekke etterspurnaden av mat, og å gjere matproduksjonen meir klimavennleg. Og i Norge har vi eit godt utgangspunkt for dette. Samanlikna med andre land har vi låge utslepp og lite dyresjukdommar. I tillegg er teknologien i bransjen langt framme.
Moglegheitene for bransjen er mange. Det norske landbruket kan produsere fornybar energi, både til eige bruk, men også som leverandør av klimaløysingar til resten av samfunnet.

Utfordringar og konsekvensar

Klimatilpassing er utfordrande. Det å produsere mat lokalt og kortreist gjer oss betre rusta både når det gjeld klima og beredskap. Beitedyr i utmark er ein avgjerande ressurs for å pleie og bevare kulturlandskapet.
Å tilpasse seg nye og komande klimakrav er noko som krev nye investeringar og kan bli kostbart.
Her ønsker Sparebanken Sogn og Fjordane å sjå på mogelegheiter for finansieringsløysingar ut ifrå det enkelte behov. Eitt av våre tiltak er å tilby billigare finansiering til berekraftige investeringar gjennom grøne næringslån.
Les om Grønt landbrukslån

Lover og reguleringar i landbruket

Klimaavtale med regjeringa

I 2019 blei landbruksnæringa og regjeringa einige om ein avtale der det blei målet er å redusere utsleppa med 5 millionar tonn CO2-ekvivalentar for perioden 2021-2030.

Lovendring i 2020

Her kan du lese meir om dei oppdaterte lovendringane som tredde i kraft 1.1.2020

Landbrukets klimaplan

Landbrukets klimaplan definerer korleis bransjen samla sett skal nå klimamåla.

Satsingspunkt frå Landbrukets klimaplan

  • Utrulling av klimakalkulator og auka satsing på klimarådgjeving
  • Meir klimavennleg og berekraftig fôring, avl og friskare husdyr
  • Fossilfri maskinpark og fossilfri oppvarming
  • Betre bruk av gjødsel og god agronomi
  • Bruk av husdyrgjødsel som råstoff i industrielle biogassanlegg
  • Ny klimateknologi revolusjonerer landbruket

Relevante berekraftsmål for bransjen

Mål 2

Matressursane på jorda skal fordelast betre ved å sikre høg grad av lokal matproduksjon, produsere meir berekraftig, samt å utnytte ressursane våre innan jordbruk, skog og fiske på ein betre måte.

Mål 8

Bransjen skal gradvis betre utnyttinga av globale ressursar innan forbruk og produksjon, og arbeide for oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar.

Mål 12

Innan 2030 skal matsvinnet pr. innbyggar på verdsbasis vere halvert, både i detaljhandelen og blant forbrukarane. Det inkluderer også svinn etter innhausting og i produksjons- og forsyningskjeden.