Ønsker du å gjere berekraftige investeringar? Treng du finansiering for å omstille garden for framtida? Vi ønsker å bidra til ei positiv utvikling, og tilbyr derfor billegare finansiering til berekraftige investeringar gjennom grøne landbrukslån.

Tiltak som kvalifiserer for grønt landbrukslån

  • Energieffektive tiltak, t.d. solceller, solfangar og vindmøller til gardsbruk.
  • Anlegg for oppvarming basert på ikkje-fossile kjelder, t.d. jordvarme, biofyringsanlegg, flisfyring og varmepumpe.
  • Maskiner eller reiskap på straum eller biogass.
  • Tak til gjødselkum, utstyr/maskiner for separering av gjødsel og utstyr for spreiing og nedfelling av husdyrgjødsel som reduserer utslepp.
  • Utstyr for presisjonslandbruk, t.d. sensorteknologi, GPS i eksisterande traktor eller droneteknologi.
  • Tiltak som gjev støtte frå Enova eller Innovasjon Norge.
  • Andre tiltak, t.d. biogassanlegg, skogsmaskiner og uttak av tømmer.

Dette må du gjere

For å få innvilga grønt landbrukslån må tiltaket ditt vere innanfor rammene som nemnt overfor. I tillegg må du gjennomføre Klimasmart Landbruk sitt e-læringskurs om utslepp i landbruket.
Etter investeringa er gjennomført må du dokumentere at investeringa er gjort i tråd med avtalt plan.
Les meir om e-læringskurset