BankID er din personlege og elektroniske signatur. Den består av fødselsnummer, kode frå app eller kodebrikke og eit personleg passord. Kodar og passord skal du ALDRI dele med nokon.
Slik får du BankID
Kva er BankID?
BankID er ein digital legitimasjon og signatur. Du kan bruke BankID i alle norske nettbankar og på ei rekke offentlege tenester som Altinn, NAV og Skatteetaten. Ein elektronisk signatur med BankID er like bindande som ein handskriven signatur på papir. BankID er ikkje det same som kodebrikka di. Du kan ha kodebrikke utan å ha BankID.
Utfasing av BankID på mobil
BankID på mobil blir fasa ut til fordel for BankID-app. Det vil ikkje lenger vere mogleg å bestille BankID på mobil. Det betyr at dersom du får ny telefon, bytter abonnement, eller skiftar SIM-kort, vil du miste tilgangen til BankID på mobil.
Trøbbel med BankID?
Sikker bruk av BankID:
Del aldri BankID-passordet ditt med andre. Sjølv ikkje familiemedlemmar eller andre du stoler på.
Bruk eit heilt unikt passord, som du ikkje bruker til noko anna.
Bytt passordet ditt om du trur at nokon har fått tilgang til det.