Valutapåslag

Visa-korta våre kan brukast til kontantuttak i andre valutaer enn norske kroner og kjøp i utlandet. Etter at kjøpet er gjort, vert valutabeløpet veksla om og trekt i frå kontoen din i norske kroner. Vekslingskursen viser på kontoen din og består av Visa sin valutakurs pluss banken sitt valutapåslag på 1,95 %.
Dersom du har brukt kortet ditt i valutaer frå EU- og EØS-land, vil du få eit push-varsel frå mobilbanken. Bakgrunnen for dette er at banken er pliktig til å sende informasjon til deg om forskjellen mellom den europeiske sentralbanken (ECB) sin referansekurs og vekslingskursen som er brukt for kjøpet eller uttaket.

Meldinga frå banken vil sjå slik ut:
Jensen Bofhus, Kr 550,48 k.
Tilgjengelig saldo kr 1.502.
Visa Classic xxxxxxxx.
Denne transaksjonen har eit valutakurspåslag på 2,44 %»
Meir informasjon finn du på heimesida vår.
Dersom du ikkje ønskjer denne type meldingar kan du endre dette i nett- eller mobilbank.

Forklaring til meldinga som er vist i eksempelet over:
Kontoen din er belasta med 550,48 kr etter kjøp eller uttak av valuta.
Beløpet i Euro er 50 EUR, vekslingskursen er 10,9750. Som er eit resultat av Visa sin gjeldande valutakurs pluss banken sitt valutapåslag på 1,95 %. Sjå Visa sin valutakurs kalkulator.
Vekslingskursen som er brukt er 2,44 % høgare enn ECB sin referansekurs. VISA sin valutakurs og ECB sin referansekurs varierer dagleg. Derfor vil prosentsatsen i meldinga vere ulik frå dag til dag.