Bustadlån

Grønt bustadlån

Eig du, eller planlegg du å kjøpe ein meir miljøvenleg bustad? Vi vil gjerne vere med å bidra, og kan tilby gunstig lånerente med Grønt bustadlån.

Kva er Grønt bustadlån:
Grønt bustadlån er til deg som skal kjøpe bustad med energimerke A eller B.
I søknaden om Grønt bustadlån må du legge ved dokumentasjon på energimerke til bustaden. 

Vilkår: rente frå 2,95 %, inntil 85 % av bustadverdien.

Søk nytt lån

Dersom du allerede har ein bustad i dag med energimerke A elle B, kan du gjere lånet om til Grønt bustadlån.

Gjer om lånet ditt til Grønt bustadlån her. 

Priseksempel:
Lånebeløp kr 2 mill over 25 år, nominell rente 2,95 %, effektiv rente 3,05 %, totalkostnad 2 846 512.

Kva betyr energimerke på bustaden?
Energimerket seier korleis energistandarden til bustaden er. Det er sett saman av ein energikarakter og ein oppvarmingskarakter.

Korleis finn du energimerke på bustaden din?
Energimerket står i prospektet/bustadannonsa
Du kan registrere bustaden din på energimerking.no, og få energimerke ved å oppgi: Type bustad, byggeår, bruksareal og oppvarmingsmåte

Kva betyr energimerke A eller B?
Energimerke A:  Bustaden har varmepumpe eller solenergi, i tillegg til betre isolasjon og vindu. Passivhus vil få A.

Energimerke B: Bustaden har varmepumpe eller solenergi og/eller betre isolasjon og glas enn krava i byggeforskrifta. I tillegg til oppvarming og isolasjon vil type bustad, byggeår og bruksareal påverke energimerkinga.

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00