Auke i ny svindelmetode – dette bør du vere obs på

Det er registrert ein auke av meir personlege og målretta svindelforsøk.
Kundar bør vere kritiske til SMS-ar, e-post og telefonar frå både tilsynelatande kjende og ukjende adresser og telefonnummer.
-Sidan slutten av sommaren har vi opplevd ein auke i svindelforsøk, seier Stine Austreim Hermansen, leiar for kundesenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Målretta svindelforsøk

Svindlarane utviklar stadig nye metodar. I det siste har banken registrert at svindlarane oftare brukar personopplysningar og rettar svindelforsøka mot enkeltpersonar og bedrifter.
Seinast denne veka har banken fått inn fleire tilfelle av SMS-svindel, der kundar har motteke ein SMSfrå svindlarar som framstår som selskap som krev innbetaling.
I SMS-en får dei beskjed om at dei har skuldig inkassogjeld, og at dei må logge inn i banken for å betale. Lenka tar dei til ei side som liknar på Sparebanken Sogn og Fjordane si nettside. Deretter blir dei bedne om å oppgje personleg informasjon og logge inn med BankID.
I det dei loggar inn blir pengar flytta frå deira sparekonto over til brukskonto, og det blir betalt store summar på mellom 30 000-60 000 kroner til ein tredjepart.
-Banken har som følge av dette sperra alle betalingar til denne tredjeparten. Har du fått denne SMS-en skal du ikkje opne den, men melde frå til oss, seier Hermansen.

Kjent strategi

Svindlarane finn informasjon gjennom offentlege tilgjengelege kjelder, som 1881 eller sosiale medium, og brukar dette for å få tillit frå offeret. Dette aukar truverdet og sannsynet for at offeret blir lurt.
Dette fenomenet blir kalla sosial manipulering, og ofte framstår svindlarane for å vere banken eller politiet, via telefonnummer som liknar dei originale nummera. Dei vil prøve å manipulere offeret til å gjennomføre ein betaling eller til å dele påloggingsinformasjon til mobilbank. På den måten kan svindlaren ta kontroll over kontoar og tømme dei for pengar.
- Det er ein kjent svindlarstrategi at dei prøvar å stresse offeret ved å framstille det som at noko hastar. Då kan det vere fort gjort å oppgje informasjon som ein ikkje skal dele, seier Hermansen.

Slik unngår du svindel

Svindlarane har mange metodar, og tar kontakt gjennom e-post, SMS eller på telefon, og skjuler seg bak falske telefonnummer og e-postadresser. Derfor er det lurt å vere kritisk til både tilsynelatande kjende og ukjende telefonnummer og e-postadresser, og unngå å trykke på lenker.
BankID, PIN-kodar, bankkortinformasjon og passord skal du aldri dele med andre. Ber nokon deg om å lese opp dette over telefon, skal du straks legge på røyret. Dette gjeld òg om du blir beden om å oppgje dette via ei lenke.
-Du kan vere heilt sikker på at ingen seriøse aktørar vil be deg om å oppgje BankID, fødselsnummer, kort- eller påloggingsinformasjon over e-post, SMS eller telefon, strekar Hermansen under.

Kva gjer du viss du har blitt svindla?

Dersom du mistenker at du har blitt svindla, skal du umiddelbart ta kontakt med banken din. Banken vil hjelpe deg med å stoppe pågåande svindel, forsøke å redde eventuelt tapte midlar og bistå politiet i etterforsking av svindlarane.
-Vi mistenker at det er store mørketal for svindel fordi offeret er flau over å ha blitt lurt. Det er det ingen grunn til, for dette råkar mange. Jo tidlegare du kontaktar banken, jo større er sjansen for at vi kan bidra til å hindre eller begrense skaden, seier Hermansen.
Har du blitt svindla skal du også melde frå til politiet. Svindel er eit lovbrot slik som ran og tjuveri, og skal meldast slik at politi og påtalemakt kan etterforske saka.

Gode tips for å unngå svindel

  • Del aldri passord, PIN-kodar eller BankID med andre
  • Ver svært bevisst før du trykker på lenker i e-postar og SMS-ar
  • Dersom du er i tvil om ei henvending frå for eksempel banken er svindelforsøk – legg på og ring direkte til kundesenteret.