Sparebanken Sogn og Fjordane blir med i nettverket Partnership for Carbon Accounting Financials(PCAF)

Målet med medlemsskapet i PCAF er å gjere det enklare å få oversikt på kundar med potensielle klimautfordringar. Det vil betre risikostyringa vår og gjere banken til ein endå tydelegare pådrivar for grøn omstilling.

Partnership for Carbon Accounting Financials (PCAF) er eit globalt samarbeid på over fire hundre finansinstitusjonar som jobbar for lage ein felles standard for rapportering av klimagassutslepp som er finansiert gjennom sine lån og investeringar.

– Nettverket gir oss tilgang på ein større database og vi kan lære av andre bankar sine erfaringar. Vi får ein betre kvalitet på utsleppstala blant kundane våre. Det betyr at vi lettare kan estimere klimagassutsleppa frå kundane i utlånsporteføljen vår, og dermed også estimere korleis kundane kan redusere utsleppa sine, forklarer Ingri Martine Fonn Macsik, berekraftsansvarleg i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Partnership for Carbon Accounting Financials (PCAF) blei etablert i 2019 og er eit globalt samarbeid for å standardisere utrekninga og rapporteringa av karbonrekneskap i finanssektoren. PCAF-deltakarane tar eit viktig steg for å vurdere klimarelaterte risikoar, sette mål som er i tråd med Paris-klimaavtalen og utvikle effektive strategiar for å redusere karbonutsleppa i samfunnet vårt.
– Medlemsskapet i PCAF gir oss viktig kunnskap som vi kan bruke til å hjelpe kundane våre. Det å kunne berekne og rapportere på finansierte klimagassutslepp er ei utfordring. Det finst lite data på selskapsnivå, spesielt for mindre bedrifter. Vi bruker estimat, men for å kunne jobbe betre med utsleppsreduksjon må vi ha gode estimat og medlemskapet i PCAF vil gi oss dette. Då ser vi tydelegare kor vi kan legge inn vår innsats, slik at vi kan støtte kundane våre til å omstille seg eit lågare utslepp, seier direktør for bedriftsmarknaden Roy Stian Farsund.
For meir informasjon sjå: https://carbonaccountingfinancials.com/