Solid årsresultat

Sparebanken Sogn og Fjordane med eit solid resultat for 2023.
Sparebanken Sogn og Fjordane offentleggjorde tala for fjerde kvartal torsdag, der også årsresultatet vart presentert. Banken fekk eit årsresultat før skatt på 1108 millionar kroner.
– Resultatet etter skatt for 2023 gir ein eigenkapitalavkastning på 13,5 %. Dette sikrar kapasitet til å finansiere kundane våre framover, spesielt på næringslivssida. I tillegg gir dette utbytte til dei lokale eigarstiftingane, som igjen delar av overskotet tilbake til lokalsamfunnet, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

God utlånsvekst trass lågare marknadsvekst

Veksten på utlån det siste året er på 2,8 milliardar kroner. Dei siste tolv månadane har utlån til privatmarknaden auka med 5,3 prosent og bedriftsmarknaden har auka med 2,7 prosent.
Etter to år med prisvekst og hyppige rentehevingar frå Norges Bank, er utlånsveksten i marknaden no lågare.
Teigene meiner rentetoppen no truleg er nådd, og det er gode nyheiter for kundane med lån.
– Kundane våre har generelt sett tolt endringane i samfunnet godt, men vi følgjer kundemassen tett opp, og har fokus på god rådgjeving, seier den administrerande direktøren.
– Førebels er aktiviteten i næringslivet god, men det er noko spenning knytt til aktivitet og investeringar i enkelte bransjar framover. Banken følgjer næringslivet i Sogn og Fjordane tett, og vi vurderer at bedriftene i regionen samla sett er godt rusta til å møte eit meir usikkert makrobilde, seier Teigene.

Investerer i SpareBank 1-alliansen

Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper seg inn i SpareBank 1-alliansen i løpet av 2024. Teigene understrekar at banken vil vere like lokal etter skiftet.
– Eigarstrukturen blir ikkje endra, og banken vil framleis vere lokalt eigd, akkurat som før. Kundane vil merke endringa ved at dei får tilgang til fleire produkt og nye digitale flater, elles blir vi den same banken, men med ny logo, seier Teigene.
Per no jobbar det om lag 160 personar frå SpareBank 1 Utvikling, SamSpar og Sparebanken Sogn og Fjordane med å legge til rette for skiftet.
– Vi blir etter planen ein SpareBank 1-bank i løpet av hausten, og vil sjølvsagt sikre at kundane våre har all informasjon dei treng i god tid før skiftet, fortel han.
Hovudlinjer pr. 4. kvartal 2023 isolert (4. kvartal 2022 i parentes):
• Netto renteinntekter 381 mill. kr (332 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument -11 mill. kr (1 mill. kr)
• Driftskostnader 150 mill. kr (128 mill. kr)
• Tilbakeført tap på utlån 1 mill. kr (tap på 30 mill. kr)
• Resultat før skatt 260 mill. kr (220 mill. kr)
• Resultat etter skatt 201 mill. kr (169 mill. kr)
• Resultat etter skatt pr. EK-bevis 8,98 kr (7,57 kr)
• Eigenkapitalavkastning etter skatt 12,1 % (11,0 %)
Hovudlinjer for året 2023 (Hovudlinjer 2022 i parentes):
• Netto renteinntekter 1.466 mill. kr (1.148 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 34 mill. kr (0 mill. kr)
• Driftskostnader 546 mill. kr (499 mill. kr)
• Tap på utlån 13 mill. kr (36 mill. kr)
• Resultat før skatt 1.108 mill. kr (779 mill. kr)
• Resultat etter skatt 847 mill. kr (602 mill. kr)
• Resultat pr. EK-bevis 37,79 (26,98)
• Eigenkapitalavkastning 13,5 % (10,2 %)
• Kapitaldekningsprosent 21,0 % (20,2 %
For meir informasjon, kontakt:
Finansdirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 95198452
Adm.dir Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no , 90825086
For administrering av intervjuavtalar, kontakt:
Komm.dir Johanne Sandnes, johanne.sandnes@ssf.no, 95921208