God start på året for Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF

God start på året for Sparebanken Sogn og Fjordane

Banken har eit resultat på 306 millionar kroner før skatt i årets første kvartal.
Det viser tal Sparebanken Sogn og Fjordane har offentleggjort. Samanlikna med same kvartal i fjor var talet då 278 millionar kroner.
– Resultatframgangen skuldast tilbakeføring av utlånstap, gode resultat frå finanspostane og god framgang i netto renteinntekter, seier administrerande direktør Trond Teigene.
– Samstundes har vi ein relativt høg vekst i driftskostnadane vore samanlikna med tilsvarande kvartal i fjor, legg han til.
Resultatet etter skatt for første kvartal er på 232 millionar kroner, mot 210 millionar kroner for same kvartal i fjor. Resultatet gir ei eigenkapitalavkastning på 13,4%, mot 13,1% for same kvartal i 2023.

Eitt år sidan strategisk val

I desse dagar er det akkurat eitt år sidan Sparebanken Sogn og Fjordane offentleggjorde at dei kjøper seg inn i SpareBank 1-alliansen. Det er det største strategiske valet banken har gjort sidan skipinga i 1988.
Sjølve overgangen til å bli SpareBank 1 Sogn og Fjordane skjer i siste halvdel av 2024. Då vil kundane få ny nett- og mobilbank, og nye kort.
– Når overgangen skjer så vil kundane oppleve at vi er den same gjengen med den same lokale forankringa som før. Og så ser vi fram til å vere i ein allianse der vi kan tilby kundane våre eit endå breiare produktspekter enn vi har i dag, fortel Teigene.
No jobbar banken med prosjektet om å bli ein del av alliansen.
– Sidan dette vart kjent har det blitt jobba veldig godt for å sikre ein best mogleg overgang til alliansen, både for banken og dei tilsette, men ikkje minst for kundane våre. Per i dag er det 200 personar som jobbar med dette prosjektet i banken og i SpareBank 1-alliansen, seier Teigene.

Rekordstor gåveramme

Det gode resultatet i banken den siste tida gjer at banken og eigarstiftingane Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler har større ramme enn nokon gong til å støtte store og små tiltak i Sogn og Fjordane. Desse stiftingane er godt i gang med å dele ut pengar til gode formål i vår.
– Det er fantastisk å sjå det lokale engasjementet der ute. Alle dei som står på for å gjere dei ulike lokalmiljøa i Sogn og Fjordane meir attraktive, dei fortener verkeleg stor ros. Det er eit stort privilegium for oss som sparebank å kunne bidra økonomisk til dette engasjementet, seier Teigene.
Hovudlinjer pr. 1. kvartal 2024 (fjorårets tal i parentes):
• Netto renteinntekter 387 mill. kr (350 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 28 mill. kr (14 mill. kr)
• Driftskostnader 157 mill. kr (127 mill. kr)
• Tilbakeført/inntektsført tap på utlån 10 mill. kr (4 mill. kr)
• Resultat før skatt 306 mill. kr (278 mill. kr)
• Resultat etter skatt 232 mill. kr (210 mill. kr)
• Resultat etter skatt pr. EK bevis 10,36 kr (9,35 kr)
• Eigenkapitalavkastning etter skatt 13,4 % (13,1 %)
• Kapitaldekningsprosent 21,6 % (20,4 %)
For meir informasjon, kontakt:
Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 908 25 086
Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 951 98 452