Sparebankstiftingane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler er eigarane av Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei har sine eigne nettsider og gir gåver til allmennyttige formål.

Stiftingane er organiserte med eigne generalforsamlingar og styre.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ambisjonar om å verte ein viktig aktør i samfunnsutviklinga i fylket, først og fremst som den dominerande eigaren av den største banken i fylket, men også gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål.

Sparebankstiftinga Fjaler

Sparebankstiftinga Fjaler vil bruke ein stor del av avkastninga si på gåver til allmennyttige formål i det området som var med på å bygge opp grunnkapitalen i tidlegare Fjaler Sparebank.

Eigne nettsider

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Fjaler


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00