Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler er eigarane av Sparebanken Sogn og Fjordane. Stiftingane ønsker å vere viktige aktørar i samfunnsutviklinga i regionen, gjennom utdeling av gåver til allmennyttige formål.
Sparebankstiftinga Fjaler gir store delar av avkastninga si på området som var med på å bygge opp grunnkapitalen i tidlegare Fjaler Sparebank. Som eigarar av banken får dei to stiftingane årleg utbytte frå overskotet av bankdrifta, og delar av dette gjevast som støtte til lags- og kulturlivet i Sogn og Fjordane - i god sparebanktradisjon.
Stiftingane er organiserte med eigne generalforsamlingar og styre.
Gå til Sparebankstiftinga Sogn og Fj.
Gå til Sparebankstiftinga Fjaler