ÅRETS FØRSTE: Banksjef i Bergen Torunn Steimler fekk overraske årets første furorevinnar med 50 000 kroner.
Publisert 25. september 2023

Førdianar forskar på kreft i hjernen - mottar årets første Furorestipend

– Dette hadde eg ikkje sett føre meg, og det er utruleg kjekt, seier Erlend Moen Taule spontant då han får sesongens første Furore-stipend. 27-åringen frå Førde forskar for tida på hjernekreft ved Haukeland universitetssjukehus.
– Eg trudde i utgangspunktet at Furorestipendet først og fremst gjekk til idrett- og kultur-kandidatar. Men så høyrde eg at nokre medstudentar frå Trøndelag hadde søkt om eit tilsvarande stipend i andre bankar, så då tenkte eg at eg kunne no prøve, seier Erlend Moen Taule.
Og det var absolutt verdt å prøve. Juryen plukka han ut som Furorevinnar, og dermed kunne banksjef for Sparebanken Sogn og Fjordane si avdeling i Bergen, Torunn Steimler, overrekke ein sjekk på 50 000 kroner til ein noko overraska Taule.

På veg til konferanse

– Dette er kort og godt fantastisk. Eg var akkurat på veg til Europas største hjernekreft-konferanse i Rotterdam i Nederland, då banksjefen her i Bergen ringde og ba meg komme ned på kontoret. Der fekk eg denne sjekken, smiler førdianaren.
Erlend Moen Taule har fått årets første Furorestipend i kategorien «Opa klasse», og sunnfjordingen er dagleg stort sett å finne på laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus.
– Ja, det blir mykje arbeid på laboratorium. Eg forskar mest på korleis kreftceller spreiar seg til hjernen, og jobbar konkret med å prøve å finne medisin som kan forhindre at dette skjer. I forskingsgruppa til professor Frits Thorsen testar vi mellom anna ut diverse legemiddel på cellene for å sjå om vi får forventa verknad, seier 27-åringen som akkurat har publisert ein fagartikkel i Norsk Legetidsskrift.

Frå lærar til medisin

– Eg går for tida på mitt sjette år på forskarlinja ved Universitet i Bergen. Foreldra mine er begge lærarar, så då vart det til at eg valde lærarutdanning i starten av studiet mitt. Men etter to år på lærarstudiet, valde eg så å hoppe av og i staden begynne på medisinstudiet, seier Moen Taule om sine snart åtte år som student i Bergen.
– Ingen tvil om at som student i såpass lang tid, så har økonomien vore pressa. Eg tek på meg nokre mindre jobbar som legestudent, og føreles litt for «ferskare» studentar, men ingen tvil om desse kronene kjem godt med, seier Furorevinnaren.

Tilbakelagt fotballkarriere

Og til dei som meiner at dei har høyrt om namnet Erlend Moen Taule før, så har han ei fortid frå fotballen.
– Ja, eg har spelt nokre år for Førde sitt A-lag i 2. og 3. divisjon tidlegare. Etter at eg satsa på forskarvegen, så prøvde eg meg på studentfotball i Baune her i Bergen, men det gjekk ikkje betre enn at akilles-sena rauk. Dermed vart det studier med gips og skinner i lang tid, så eg lêt nok fotball vere fotball framover. Dessutan krev forskarstudiet såpass mykje tid at det er heilt uaktuelt, seier Moen Taule.
Når du les dette så er Erlend Moen Taule på Europas største hjernekreft-konferanse i Rotterdam i Nederland med deltakarar frå heile verda.
– Eg skal ha to presentasjonar (postar) på konferansen, og ser fram til å mingle og diskutere med andre forskarar innanfor same fagfelt, avsluttar Moen Taule.
Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Juryens grunngjeving

Erlend Moen Taule frå Førde har imponert juryen med si målretta satsing på medisinsk forsking. I 2022 publiserte han som førsteforfattar ein klinisk oversiktsartikkel over hjernemetastasar i «Tidsskrift for Den norske legeforening», i lag med overlegar og professorar ved Haukeland Universitetssykehus.
Erlend har delteke og presentert forsking ved fleire forskingstilstellingar i Noreg og i utlandet, og har sidan 2020 undervist psykologi- og medisinstudentar i hjerneanatomi og hjernedisseksjon.
Juryen legg vekt på at stipendvinnarane har klare planar for framtida, og meiner Erlend har ein konkret og tydeleg plan for sin veg vidare. Furorestipendet skal til dømes nyttast til vidare utvikling innan hjerneforsking, noko som inneber nye studiar og eksperiment, reise til konferansar og publisering av artiklar. Desse aktivitetane skal på sikt gi stipendmottakaren ein brei forskarbakgrunn og eit solid grunnlag for å ta doktorgrad på dette forskingsfeltet så tidleg som mogleg.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

– Nordmenn vil ha solgaranti

Svak krone og høg rente skremmer ikkje vekk sydenreisande. – Nordmenn vil ha solgaranti, og prioriterer dette veldig høgt, seier bransjeansvarleg.

Les heile saka
– Nordmenn vil ha solgaranti26. april 2024
Slik tar du vårsjekken på økonomien25. april 2024
Derfor bør du ha ei eiga bunadsforsikring23. april 2024
Store forventningar, nye krav og ein smule forvirring i landbruket 19. april 2024