Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF

Ny legitimering og samtykke

Sparebanken Sogn og Fjordane er plikta til å bekrefte våre kundar sin identitet under kvitvaskingslova. I samband med dette ber vi deg om å legitimere deg på nytt.

Samtykke til ID-sjekk

Du kan no legitimere deg elektronisk gjennom ein ID-sjekk. Det gjer du ved å bruke BankID-appen, mobiltelefonen og gyldig legitimasjon. For å gjennomføre ID-sjekk må du gi oss ditt samtykke.
ID-sjekken er ein identifiseringsprosess som gjer at du ikkje treng å møte opp i banken for å bekrefte din identitet. Du kan i staden ta eit bilde av deg sjølv med mobilen i BankID-appen. Deretter vil vi analysere og samanlikne bildet du tok opp mot bildet i passet eller ID-kortet ditt.
Informasjon om vidare behandling og dine rettigheiter
Etter ID-sjekken er gjennomført er behandlinga avslutta. Ei fil med informasjonen som er henta ut av passet ditt, og bildet som du tar med BankID-appen, vil bli arkivert hos oss. Denne informasjonen er banken pålagt å oppbevare.
Har du spørsmål eller kommentarar til våre personvernrutinar og personvernombodet vårt, finn du rettleiing til korleis du går fram i personvernerklæringa under kapittelet «Rett til å spørje og rett til å klage».
Tilbake til legitimering