Spar litt pengar kvar gong du bruker kortet ditt - så enkelt at du nesten ikkje merkar det! Du vel sjølv kva konto du vil spare på og disponerer pengane fritt. Sparinga skjer automatisk og tenesta er gratis.
Trekk eit fast beløp kvar gong du bruker kortet.
Avrunde kjøpesummen oppover - du sparer differansen.
Slik opprettar du Småsparing
Småsparing opprettar du enkelt i nett- og mobilbanken, og du vel sjølv beløpet som skal sparast. I nett- og mobilbanken kan du også gjere endringar eller avslutte sparinga når det måtte passe deg.