Det er både fordelar og ulemper med å velje enkeltpersonføretak som selskapsform. Ønsker du å vite meir om denne selskapsforma? Då kan du lese meir på Altinn sine heimesider.
Gå til Altinn.no

Har du bestemt deg for å starte eit enkeltpersonføretak? Slik gjer du det:

Føretaket er registrert - Kva no?

Kva produkt som er viktig for eit enkeltpersonføretak å ha på plass vil variere etter kva type verksemd du driv og kor stor aktiviteten i føretaket er. For hobbybaserte verksemder kan det vere nok å berre ha ein bedriftskonto, medan føretak med større aktivitet kan kreve fleire produkt.
Her får du ei enkel oversikt over dei vanlegaste produkta for enkeltpersonføretak. Trykk på knappane for å gå rett til bestilling av produktet:

Nettbank Bedrift - noko for deg?

Som sjølvstendig næringsdrivande har du gjerne privatøkonomien din blanda med bedrifta sin økonomi i den private nettbanken din. Om du ønsker å skilje bedrifta di frå privatøkonomien, er det lurt å opprette Nettbank Bedrift, spesielt dersom du brukar eit rekneskapsprogram.
Les meir om Nettbank Bedrift

Forsikringar

Som sjølvstendig næringsdrivande har du ingen arbeidsgjevar som forsikrar deg eller sparar til pensjonen din. Derfor må du sjølv passe på dette.
Under har vi samla dei viktigaste forsikringane for enkeltpersonføretak. I tillegg har du mindre rettigheiter knytt til sjukepengar, og det er lurt å søke om eiga sjukeforsikring hos NAV.
Bedriftsforsikringar er varierte og individuelle, derfor spesialtilpassar vi alle bedriftsløysingane våre saman med deg.