Det er både fordelar og ulemper med å velje denne selskapsforma. Ønsker de å vite meir om ansvarleg selskap? Då kan de lese meir på Altinn sine heimesider.
Gå til Altinn.no

Slik stiftar de eit ansvarleg selskap:

Kva produkt er viktig å ha?

Det er lurt å sette seg inn i kva de er lovpålagt å ha i selskapet. Dette er avhengig av om de har tilsette. Her får de ei enkel oversikt over dei viktigaste produkta for selskap med tilsette.

Dagleg drift

Kva produkt de treng i det daglege er avhengig av bransje. Ta gjerne ein kikk på bransjesidene våre for produkt retta spesielt mot bransjen dykkar.
Klikk gjerne rundt på nettsida vår og gjer dykk kjent med produkta våre. De finn bestillingsskjema for dei fleste produkt på nettsida. I tillegg har de moglegheit til å opprette kontoar i Nettbank Bedrift.
Om de treng hjelp i den daglege drifta, er det sikrast om de sender oss ei melding frå Nettbank Bedrift.

Har de behov for finansiering?

Når de startar eit nytt selskap er det lurt å lage ein forretningsplan tidleg, og kartlegge eventuelle finansieringsbehov. De finn forretningsplan og andre nyttige dokumentmalar på Altinn.no. I tillegg til forretningsplan er det lurt å lage eit budsjett. Ta gjerne utgangspunkt i budsjettmalen vår.
For å innvilge lån og kredittar til næringslivet, må vi ha god kjennskap til kundane våre og marknaden deira. Difor har vi som hovudregel ikkje moglegheit til å tilby lån eller kreditt til bedriftskundar utanfor Sogn og Fjordane.

Dette er lurt å ta med når de presenterer bedrifta dykkar:

  • Kven er eigarane bak selskapet og kva erfaring har de med selskapet sitt konsept?
  • Kor stort er finansieringsbehovet og kva treng de finansieringa til?
  • Kor stor del av finansieringsbehovet dekker de sjølv med eigenkapital, og kor mykje treng de lån til?
  • Kva kan de stille som sikkerheit for lånet/kreditten?
  • Har de utarbeidd driftsbudsjett for dei neste 3-5 åra?