Det er både fordelar og ulemper med å velje denne selskapsforma. Ønsker du å vite meir om aksjeselskap? Då kan du lese meir på Altinn sine heimesider.
Gå til Altinn.no

Slik stiftar du aksjeselskap:

Selskapet er registrert i Brønnøysundregistera - Kva no?

Last opp firmaattesten i kontaktsskjemaet vårt, så skal vi aktivere Nettbank Bedrift og gje deg tilgang til kontoen din. Eventuelle andre produkt du bestilte då du etablerte kundeforholdet blir også oppretta no.
Det er lurt å sette seg inn i kva du er lovpålagt å ha i selskapet. Dette er avhengig av om du har tilsette. Her får du ei enkel oversikt over dei viktigaste produkta for deg med tilsette:

Dagleg drift

Kva produkt du treng i det daglege er avhengig av bransje. Ta gjerne ein kikk på bransjesidene våre for produkt retta spesielt mot bransjen din.
Klikk deg gjerne rundt på nettsida vår og gjer deg kjent med produkta våre. Du finn bestillingsskjema for dei fleste produkt på nettsida. I tillegg har du moglegheit til å opprette kontoar i Nettbank Bedrift.
Om du treng hjelp i den daglege drifta, er det sikrast om du sender oss ei melding frå Nettbank Bedrift.

Har du behov for finansiering?

Når du startar eit nytt selskap er det lurt å lage ein forretningsplan tidleg, og kartlegge eventuelle finansieringsbehov. Du finn forretningsplan og andre nyttige dokumentmalar på Altinn.no. I tillegg til forretningsplan er det lurt å lage eit budsjett. Ta gjerne utgangspunkt i budsjettmalen vår.
For å innvilge lån og kredittar til næringslivet, må vi ha god kjennskap til kundane våre og marknaden deira. Difor har vi som hovudregel ikkje moglegheit til å tilby lån eller kreditt til bedriftskundar utanfor Sogn og Fjordane.

Dette er lurt å ta med når du presenterer bedrifta di:

  • Kven er eigarane bak selskapet og kva erfaring har de med selskapet sitt konsept?
  • Kor stort er finansieringsbehovet og kva treng du finansieringa til?
  • Kor stor del av finansieringsbehovet dekkjer du sjølv med eigenkapital, og kor mykje treng du lån til?
  • Kva kan du stille som sikkerheit for lånet/kreditten?
  • Har du utarbeidd driftsbudsjett for dei neste 3-5 åra?