Karoline Kvamme

kunderådgjevar bedrift SMB

Karoline er frå Bygstad og har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå BI. I 2007 begynte ho på betalingsformidling, som seinare vart Bedriftssenteret, og der var ho til september 2022. Etter litt over eitt år utanfor banken med jobb innan rekneskap, kom ho tilbake som kunderådgjevar i desember 2023.
Karoline har alltid jobba med næringsliv, både i banken og på rekneskapskontor, og synest det lokale næringslivet er spennande. Som relativt fersk rådgjevar ser ho fram til nye og gode relasjonar med kundar som ho kan følge over tid. Det blir spennande å komme tettare på kundane, og saman med dei finne gode løysingar gjennom god dialog.