Anne-Britt Kjørvik

kunderådgjevar bedrift

Anne-Britt er oppvaksen på ein gard på Sandane, som ho i dag er med og driftar. Ho har ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå BI. Ho starta hos oss i april 2024 etter å ha vore innom litt ulike bransjar, først i Statens Vegvesen og deretter innan landbruksrekneskap og innkjøp.
Anne-Britt synest det er spennande å støtte lokalt næringsliv, og å vere med på å styrke lokal forankring og vekst. Som rådgjevar er ho oppteken av å ha god dialog med kundane og finne gode løysingar som gagnar både kundane og banken. Godt samarbeid er viktig for ho.