eFaktura

eFaktura til private

eFaktura B2C er løysinga for å sende og presentere rekningar elektronisk til privatpersonar. Ei bedrift presenterer fakturaer elektronisk til kundar med nettbank, uavhengig av kva for bank kunden bruker.

Når bedrifta sender ein faktura til kunden sin nettbank, blir det enklare for kunden å ta imot, halde oversikt og betale rekningar i nettbanken.

Bedrifta får ny kundedialog via Internett og nettbank. 

Du kan kombinere eFaktura B2C og AvtaleGiro. Rekninga blir då betalt automatisk ved forfall, og faktura med detaljar kjem i nettbanken. Det er enklare både for bedrifta og kundane.

AvtaleGiro med eFaktura

Når ei bedrift tilbyr både AvtaleGiro og eFaktura, kan du kombinere desse tenestene. Rekninga blir trekt på forfallsdato og dun får varsel om betalingar via eFaktura. Du kan også få varsel om eFaktura på e-post. Betalingskravet finn du i forfallsregisteret ditt i nettbanken.

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00