Fiskeribransjen møter stadig strengare miljøkrav, blant anna krav om å gå over til grønare energiberarar som hydrogen eller straum i løpet av dei neste ti åra. Men for mange av dei små og mellomstore aktørane, er ikkje denne teknologien godt nok utvikla endå.

Utfordringar og konsekvensar

Fram mot 2030 er likevel målet å halvere dei totale Co2-utsleppa. Fleire faktorar utfordrar dette. Mellom anna er ikkje teknologien utvikla nok, og infrastruktur for lading for overgang til straum, er ikkje på plass.
Utbrotet av krigen i Ukraina har ført til gasskrise i Europa og ekstreme prisar på drivstoff.
Oppdrettsnæringa er dessutan avhengig av soya, som er eit ressurskrevjande produkt, og transport som begge fører til utslepp.

Kva tiltak kan bransjen gjere?

  • Sikre at fiskeria blir miljøsertifiserte
  • Verne korallrev og botnhabitat
  • Fishing for litter - opprydding av marin forsøpling til havs
  • Hindre plastforsøpling
  • Reduksjon av CO2-utslepp

Kva krav stiller banken?

  • Sette tydelege vilkår som kan følgjast opp i praksis
  • Sikre at selskapa følgjer norsk fiskerilovgjevning og unngår:
    • forureining av havet
    • sosial dumping
    • overfiske eller dumping av fisk
    • svart omsetnad av fisk

Relevante berekraftsmål for bransjen

Mål 2

Norge har plikta seg til Handlingsnettverket for akvatisk mat fram til 2030, eit globalt samarbeid for berekraftig mat frå havet. Vi blir stadig fleire, men berre eit fåtal av verdas befolkning har havet som matkjelde.

Mål 5

Under fire prosent av norske fiskarar er kvinner. Frå små aktørar heilt opp til Nærings- og fiskeridepartementet blir det no sett fokus på korleis ein kan rekruttere fleire kvinner til næringa.

Mål 14

Ved bruk av ny teknologi og ansvarlege val, kan næringa sørge for lite plastforureining til sjøen, og bidra til berekraftig forvaltning av fiskebestandane, samt hindre svart omsetning av fisk.