Eigedomsbransjen har låge direkte klimagassutslepp, men er knytt tett opp mot både industri, transport og energiforsyningssektoren. Ved å velje å bygge og forvalte meir berekraftig i framtida, kan bransjen ha stor innverknad på Norge sin veg vidare inn i det grøne skiftet.

Utfordringar og konsekvensar

Klimaendringar og temperaturauke fører til risikoar kring stigande havnivå, flaum, ekstremvêr og ras.
Dette kan føre til auka skadeomfang og ha innverknad på verdien på eigedommar, og føre til auka kostnader ved forsikring i åra som kjem.
Lovpålagde og naudsynte tiltak for å motkjempe forureining, kan føre til auka etableringskostnader men kan òg redusere kostnader i framtida. Ved nybygg og rehabilitering vil det bli viktig å satse på «grøne bygg» og velje berekraftig i alle ledd.

Lovar og reguleringar

Rapporteringskrav

I 2021 blei EU taksonomien innført. Det er eit felles system for å definere kva aktivitetar som er berekraftige for investeringsformål, blant anna innan eigedom.
Selskap med over 500 tilsette må rapportere om aktiviteten deira er berekraftig etter dei definerte krava og miljømåla.
I 2024 blir dette nedjustert til å gjelde selskap med over 250 tilsette.

Eigedomssektorens klimaplan

Eigedomssektorens vegkart mot 2050 er ein plan utvikla av organisasjonane Norsk Eiendom og Grønn Byggallianse. Den definerer korleis bransjen samla sett skal nå berekraftsmåla.

Sju satsingspunkt for eigedom

  • Miljøsertifisere organisasjonen
  • Fjerne fossil oppvarming, også til topplast
  • Kun kjøpe bygningsprodukt utan innhald av helse- og miljøfarlege stoff
  • Innføre miljøleiingssystem på heile porteføljen og sette opp plan for kontinuerleg forbetring av bygga
  • Greie ut kva takflatene kan og bør bli brukt til, til dømes solcelle
  • Krevje at arkitekten utarbeider plan for korleis materiala kan demonterast og gjenbrukast ved ombygging eller riving for å minimere avfall
  • Etterspørje og prioritere bygningsprodukt som
    har låge klimagassutslep og fossilfri byggeplass

Relevante berekraftsmål

Mål 9

Fram mot 2050 skal næringa ha fokus på berekraft i alle ledd, frå materialval, val av leverandørar og heilt fram til straumforsyning i bygga. «Grøne bygg» vil bli eit viktig satsingsområde.

Mål 11

Fram mot 2030 skal næringa redusere den negative innverknaden byar og lokalsamfunn har på miljøet, med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering.

Mål 15

Bruk av material utan miljøgiftig innhald, fornybare energikjelder og effektiv ressursbruk og reduksjon av mengda avfall er blant strategien for å minske utslepp i næringa.