Bygg og anleggsbransjen har stort potensial når det kjem til å redusere utslepp av klimagassar. Ved overgang frå fossildrivne maskinar til fossilfrie, og fokus på utsleppsfrie byggeplassar vil dette kunne realiserast.

Utfordringar og konsekvensar

Årleg utslepp frå norske byggeplassar er ca. 340 000 tonn CO2. Utsleppa av CO2 kan reduserast med nær 99% og NOx med 96% ved bruka av alternative energikjelder og betre planlegging.
Det er venta fleire tilfelle av ekstremvêr. Bransjen kan møte dette ved å sikre at både eldre eksisterande bygg og nye bygg blir bygd for å tole flaum, skred og vind.
Det er òg venta strengare krav til energiforbruk og klimagassutslepp, samt auka etterspurnad etter berekraftige, sirkulære produkt og løysingar. Rehabilitering og ombygging til fordel for å tole ekstremvêr og vere meir energieffektive, kan kan føre til meir arbeid for bransjen i åra som kjem.

Kva tiltak kan bransjen gjere?

  • Erstatte varmeaggregat som nyttar fossil diesel med elektrisitet eller fjernvarme.
  • Andre løysingar er biogass, pellets/flis eller fornybar diesel.
  • Elektriske anleggsmaskiner, betongpumper, kraner, lifter og boremaskiner.
  • Elektrifisere person- og varetransport.
  • Diesel i tunge køyretøy kan bytast/erstattast med fornybare alternativ som fornybar diesel, biogass eller bioetanol.
  • Auke bruken av resirkulerte materiale.
  • Fokus på avfallshandtering, resirkulering og sirkulærøkonomi.

Kva kan banken gjere?

  • Gjennom kundedialog gjere kundane våre merksame på utviklinga og stille spørsmål om kva dei gjere og planlegg for å møte krava som allereie er varsla og som kjem til å komme for fullt framover
  • Sparebanken Sogn og Fjordane har lansert grønt næringslån som skal motivere bedrifter til å gjere bærekraftige investeringar og bidra til positiv omstilling for bedrifter og redusere klimarisiko. Grønt næringslån kan brukast til å finansiere investeringar som får tilskot/støtte hos Enova. Meir om krav og kva Enova støtter.
  • Etter at prosjektet er ferdig skal banken ha inn sluttrapport avfallsplan( jf. TEK 17 § 9-6). På heimesida til Direktoratet for byggkvalitet (www.dibk.no) ligg skjema som kan nyttast for å dokumentera at krava vert følgde. Her ligg sluttrapport med avfallsplan for nybygg (nummer 5178) og sluttrapport med avfallsplan for rehabilitering og riving (nummer 5179).

Relevante berekraftsmål for bransjen

Mål 9

Fokus på fossilfrie maskiner og energieffektive byggeplassar og god avfallshandtering vil føre til mindre utslepp.

Mål 11

Bransjen kan ha stor påvirkningskraft for å nå mål 11 ved å ha fokus på fossilfrie byggeplassar, rehabilitering av eksisterande bygg, energieffektivitet i nybygg og god avfallshandtering i byggeprosessen.

Mål 15

Bruk av material utan miljøgiftig innhald, fornybare energikjelder og effektiv ressursbruk og reduksjon av mengda avfall er blant strategien for å minske utslepp i næringa.