I Nets Kundeportal får du tilgang til tenester for transaksjonshistorikk, KAR og Webfaktura som vi tilbyr via Nets. Du må bestille tenestene kvar for seg før du får tilgang til dei.

Transaksjonshistorikk

Transaksjonshistorikk er ei teneste for bedrifter som fakturerer med KID. Med denne tenesta i Nets Kundeportal, kan du søke opp alle OCR-innbetalingar til selskapet sin konto og finne ut kven som er avsendar av pengane. Det er administrator i selskapet sin Nettbank Bedrift som får tilgang til tenesta for transaksjonshistorikk. Administrator kan deretter tildele tilgang til andre brukarar.
Bestill transaksjonshistorikk

Konto- og adresseringsregisteret (KAR)

KAR-tenesta gjer det mogleg å sjekke at ein konto er gyldig og aktiv for innbetalingar, og for å verifisere eigar av kontoen. Registeret blir oppdatert dagleg, slik at det til ei kvar tid viser alle norske kontoar som er gyldige og aktive.
Administrator i Nettbank Bedrift kan få tilgang til KAR-tenesta, og kan deretter tildele tilgang til andre brukarar.
Bestill tilgang til KAR

Webfaktura

Webfaktura er ei enkel og kostnadseffektiv løysing for å sende elektroniske faktura til både privat- og bedriftskundar. Dette passar godt for mindre bedrifter, sjølvstendig næringsdrivande, eller lag og organisasjonar. Kontakt Bedriftssenteret for meir informasjon og bestilling.

Ting folk lurer på