Kongleriket - banken til barna
Er du usikker på korleis du kan ta smarte økonomiske val for barna si framtid? I Kongleriket får barna lære om pengar og bank på sine premissar, og du som forelder får tilpassa og personleg rådgjeving på vegne av barnet.
Kongleriket er barneklubben til Sparebanken Sogn og Fjordane. Barn opp til 7 år blir automatisk medlem når du som forelder opprettar Sparekonto Start til barnet. I Kongleriket bur det mange kjekke dyr som barna kan bli kjent med. To av dei, Kåre Bjørn og Elin Ekorn, er plukka ut som maskotar. Desse to kan barna ofte møte ut på arrangement og ta bilete saman med.
Fordelar både til barn og vaksne
Klubbfordelane i Kongleriket er mange, ifølgje kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Solveig Holsen.
– Barna får ein hyggeleg alderstilpassa velkomstpakke i posten når dei blir medlem. I tillegg får dei automatisk 200 kroner inn på konto, seier Holsen.
Som medlem i Kongleriket får også foreldra god oppfølging gjennom personleg og tilpassa rådgjeving. Du vil blant anna få invitasjon til webinar med relevante tema rundt barn, familie og økonomi. Kva bør du for eksempel tenke når barnet skal få seg bankkort? Korleis sparer du smart til barnet? Kva forsikringar treng barnet?
Lære verdien av pengar
I Kongleriket får du som forelder svar på det du måtte ha av spørsmål, og barna lærer om pengar på sine premissar.
– Mange foreldre synast det er vanskeleg å lære barna om pengar når det berre er kort og vipps som gjeld. I tillegg er mange usikre på når og korleis dei bør opprette sparing og forsikring til barna.