Arrangement med Sparebanken Sogn og Fjordane utover våren | SSF

Arrangement med banken

I tida framover mot påske har vi mange arrangement vi er med og gjennomfører og støttar. Skirenn, opera, føredrag, revy, familiedagar - her er noko for ein kvar smak.

SSF Cup - heile vinteren

Som ein del av sponsoravtalen med Sogn og Fjordane Skikrins blir det arrangert SSF Cup gjennom vinteren i samarbeid med ulike lokale idrettslag. Her er cup-datoane for vintersesongen 2024:
Ullsrennet - Markane IL: 13. januar
Sprint Leirdalen - IL Bjørn - 17. februar
Kleivanerennet - Fjellhug/Vereide IL: 25. februar
Vetenrennet - Veten IL: 3. mars
Tua - Eid IL: 16. mars
Finale - Førde IL: 6. april
Les meir om SSF Cup

NHO regional årskonferanse 20. mars

Norge har store ambisjonar for nye næringar og auka eksport. Grøn konkurransekraft, kunstig intelligens, digitalisering og europeisk samarbeid blir endå viktigare. Men kva er Vestland sin plass i dette?
Årskonferansen i Bergen er møteplassen mellom deg og politikarane. Politikarane vil høyre kva du forventar av dei. Her kjem politikk, næringsliv og akademia saman for å finne løysingar og vise leiarskap.
Les meir om regional årskonferanse

Balestrand Open 22. - 24. mars

Festivalen viser fram den kreative sida av skikøyring, med ei rekke spennande aktivitetar og konkurransar. Blant høgdepunkta er fleire små konkurransar som railjams og ein Big Air konkurranse. Publikum vil garantert få sjå mange luftige og akrobatiske svev. I tillegg vil det også bli sett opp to ulike toppturar i områda rundt Balestrand.
Les meir om Balestrand Open

Nordfjordtreffet 26. mars

Nettverks- og rektrutteringstreff på Sandane i påskeveka. Her møtes studentar som bur vekke, personar som allereie er busett i regionen, dei som ønskjer å bygge nettverk, bedrifter som ønskjer å profilere seg, eller andre som ser for seg ei framtid i Nordfjord. Arrangementer er heilt gratis.
Les meir om Nordfjordtreffet

Påskerenn Fardalen 30. mars

Tradisjonen tru blir det påskerenn i Fardalen på påskeaftan arrangert av IL Jotun. Her blir det kjekke aktivitetar for små og store, og ikkje minst; fine premiar til alle!

Stryn Visefestival 12. - 13. april

Stryn Visefestival er ein intimfestival for deg som er glad i god formidling og vakker musikk. I år kan du blant anna få med deg Maria Haukaas Mittet, Unni Wilhelmsen og Thom Hell.
Les meir om Stryn Visefestival

Rockne Bowl 13. april

Amerikansk fotball innandørs på sitt aller beste! VGS-kampen mellom Bears og Eagles har blitt ein snakkis som trekker fulle hus i Førdehuset. Her blir det cheerleading, dans og rå muskelkraft. Konferansier for kampen er Leo Ajkic.
Les meir om Rockne Bowl

Bygdenæringsdagane Stardalen 20. - 21.april

Eldsjelene i Stardalen i Jølster arrangerer sine årvisse Bygdenæringsdagar 20. og 21. april. Her blir det blant anna sleggekonkurranse, gravemaskin-simulator, lotteri, ansiktsmaling, god mat og mange flotte utstillarar. På kveldstid blir det i tillegg show og konsert med Olav Stedje og Finn Tokvam.
Les meir om Bygdenæringsdagane

Tidlegare arrangement i sommar

SSF Krinsrenn 7. januar

Som stolt sponsor for Sogn og Fjordane Skikrins har vi fleire renn i løpet av vinteren. Først ut er SSF sprint- og distanserenn i samarbeid med Førde IL og Gaular IL som føregår på Langeland skisenter i Førde søndag 7. januar.

Søknadskurs jan - feb

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane deler ut gåver av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, og fram mot søknadsfristen 1. mars inviterer eigarstiftinga vår til kurs i søknadsskriving. Kurset er tilpassa lag og organisasjonar som skal søkje midlar til si verksemd, og tar for seg korleis ein søknad om midlar bør sjå ut.
Les meir om søknadskurset

Skisprell

I samarbeid med lokale idrettslag og Sogn og Fjordane skikrins kan de bli med på familiedag fleire ulike stader i Sogn og Fjordane. Vi stiller som sponsor og gler oss til nokre aktive dagar med ski på beina.
Hornindal skisenter - 10. januar
Langeland skisenter - 24. januar
Fardalen skissenter - 5. mars

Futsalturneringar 10-14 år 13. - 14. januar

I løpet av vinteren er innandørsfotball ein kjekk og viktig aktivitet for mange. Vi er sponsor for NFF Sogn og Fjordane som inviterer til Futsalturneringar i klasse 10-14 år, 13.-14 januar. Denne helga blir det turnering i Årdal, Leikanger, Svelgen og Askvoll/Holmedal.
Les meir om Futsalturneringane

SSF Karusellrenn 16. januar og 6. februar

Vi er sponsor for Sogn og Fjordane Skikrins, og i samarbeid med Førde IL og Gaular IL inviterar vi til SSF karusellrenn på Langeland Skisenter 9. januar, 16. januar og 6. februar.
Les meir om Karusellrenn 16. januar
Les meir om Karusellrenn 6. februar

SSF KM Futsal aldersbestemt jan-mars

I vintersesongen blir det også Futsal KM for seniorar og aldersbestemte klassar. Futsal som spelform er blitt svært populært og i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane gler vi oss til å sjå mange aktive og stor fotballglede.
Sjå datoar og spelestader i linken.
Les meir om SSF KM Futsal

La Bohème 17. - 20. januar

La Bohème er ein italiensk opera der handlinga er lagt til kunstnarkretsar i Paris. Mimi er sjuk og døyr av tuberkulose, som var den tidas pandemi. Bohemane sin natur er likevel å leve sterkt og leve no, trass sjukdom og død – slik livet er. Publikum kan gle seg til å oppleve operaen på norsk, i ei fabelaktig nynorsk gjendikting ved Jostein Avdem Fretland. Operaen blir vist i Førde, Florø og Sogndal.
Les meir om La Bohème

Sunnfjordgalla 20. januar

Velkomen til Sunnfjordgallaen på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Her skal det delast ut fleire prisar for å heidre nokre av folka som gjer Sunnfjord til ein god plass å vakse opp, bu og leve i.
Les meir om Sunnfjordgalla

SSF KM 26. - 28. januar

Sogndal IL har gleda av å ønskje velkomen til Hodlekve Skisenter og krinsmeisterskap i langrenn. Det vert gjennomført KM friteknikk, KM sprint og KM klassisk, samt bankett med premieutdeling desse dagane.
Les meir om SSF KM

ØKONOmin jan - februar

I løpet av januar og februar får 900 elevar på alle vidaregåande skular i Sogn og Fjordane økonomiopplæring gjennom eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Våre tilsette kursar elevane i budsjett, sparing og gir dei grunnleggande kunnskap om privat økonomi.
Les meir om ØKONOmin

Midt i Trynet 23. januar

Eit ærleg og erfaringsbasert føredrag om rus med Richard Prøsch som framleis er aktiv rusmisbrukar og Torbjørn Gran som er dagleg leiar for organsisasjonen Gatelangs. Målet er å opplyse og førebygge hos ungdom. I fjor fekk 1600 elevar og foreldre i Sunnfjord tilbod om føredraget, no står Sandane og elevar ved Firda Vidaregåande for tur.
Les meir om Midt i trynet

Direkte rødt 2. februar

TV 2-profilane Erik Thorstvedt, Petter Myhre og Jan-Henrik Børslid set kurs for Førde når der har premiere på kveldsshowet sitt om fotball og livet, Rødt kort!
Les meir om Direkte Rødt

Familiedag Sunnfjordparken 10. februar

Velkomenn til hopp og sprett og full rulle i Sunnfjordparken i Førde! Vi inviterer kundane våre mellom 8 og 15 år til ein sprek dag med mykje moro. Meir informasjon kjem.

Tonar for fred 12. februar

I Operahuset Nordfjord blir det solidaritetskonsertfor Gaza til inntekt for Leger Uten Grenser. Inntektene går uavkorta til Leger Uten Grenser sitt arbeid i Palestina og dei nærliggande områda som er sterkt råka av krigen.
Les meir om Tonar for fred

Karrieremesse Bergen 13. februar

Nysgjerrig på arbeidslivet i Vestland? Vi stiller med stand i Grieghallen og vil gjerne ha ein prat med deg som er på jakt etter jobb, eller berre nysgjerrig på kven vi er og vil vite meir om oss.
Les meir om karrieremessa

Florarevyen 24. februar - 2. mars

Florarevyen gjer seg klar for å feire 25 års jubileum med ei splitter ny framsyning, medan vi gler oss til å få trimma lattermusklane.
Les meir om Florarevyen

Bygstadrevyen 24. februar - 2. mars

Bygstadrevyen er klar med ny revy «I fritt fall med 20 i stil!» Dei lovar framsyningar med futt og fart, morsomme typar, aktuelle tema og eit revyband i storform. Vi er sponsor og gler oss til å sjå kva dei har på lur.
Les meir om Bygstadrevyen

Familiedag Harpefossen Skisenter 2. mars

Vi invitererer kundane våre i Stad til å bli med oss på ein skidag fylt med familievennlege aktivitetar i flotte omgjevnadar på Harpefossen Skisenter! Nedst på Harpefossen, rett ovanfor Varmestova, vil de finne basen vår. Her har vi bålpanne og byr på pølse, saft og kaffi. Ein perfekt stad å lade opp energien!

Temakveld 5. mars i Måløy

Ole Petter «treningslegen» Hjelle, hjerneforskar og fastlege, jobbar som formidlar av kor viktig fysisk aktivitet er for fysisk og psykisk helse. I tillegg kjem Kaja Haugen frå Antidoping Norge. Dette blir ein kjekk og inspirerande kveld! Arrangementet er gratis og det er ingen påmelding - førstemann til mølla.
Les meir om temakvelden

Aktivitetsdag Harpefossen 9. mars

Sogn og Fjordane skikrins inviterer til familiedag på tvers av alle greinene i krinsen.

Fylkesmeisterskap Ungt Entreprenørskap 14. mars

Vi er mangeårig sponsor for Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, og fylkesmeisterskapen er eit årleg høgdepunkt for oss og ungdomsbedriftene. I år blir konkurransen gjennomført på nye Førde Vidaregåande Skule på Øyrane.
Les meir om fylkesmeisterskap

Bustadmesse Stryn 15. - 16. mars

Er du på bustadjakt eller treng litt inspirasjon til oppussing? Kanskje er du ute etter ei hytte? Bli med på bustadmessa i Stryn og få smarte tips til gjenbruk, interiør og eit innblikk i ulike bustadprosjekt.
Les meir om bustadmessa

Barnas Skileik Ullsheim 20. mars

Vi gler oss veldig til skileik i skiglade Stryn. Saman med Markane IL blir det skifest på Ullsheim for alle dei frammøtte med ekstra fokus på dei unge heltane i skisporet. Og sjølvsagt blir det premier til alle som deltek. Vel møtt!
Les meir om Barnas Skileker