kundeKlage

Vi har som mål å ha nøgde kundar. Det kan likevel hende at eit eller anna gjer at du som kunde ikkje er heilt nøgd med ei konkret teneste frå oss.

Dersom du har teke forholdet opp med din kunderådgjevar og framleis ikkje er nøgd, kan du sende ei skriftleg klage til banken. Du kan nytte vårt elektroniske klageskjema på epost, eller printe det ut og sende det i posten til Kundesenteret vårt. Vi sender deg klageskjemaet dersom du ber om det. Treng du hjelp til å skrive klagen, kan ein av våre tilsette hjelpe deg. Kundesenteret vidaresender klagen til handsaming av rette vedkomande i banken. 

Svarfrist
Innan ei veke sender vi deg skriftleg stadfesting om at klagen er motteken og kor lang saksbehandlingstida vil bli. Må vi bruke lenger tid til handsaminga enn venta, informerer vi deg om grunnen og du får nytt tidspunkt for svar.

Dersom klagen ikkje fullt ut blir teken til følgje, får du grunngitt avgjerda.

Korleis sende inn klage?

  • Fyll ut skjema her, og send det elektronisk
  • eller skriv ut skjemaet og send det pr. post til Kundesenteret vårt

Du har også høve til å klage til Finansklagenemnda. Finansklagenemnda si adresse er postboks 53, Skøyen, 0212 Oslo. Nærmare opplysningar om nemnda sitt mandat og sakshandsaming finn de på nettsidene deira. Nemnda skal gje ei rådgjevande fråsegn i klagesaka.

 






Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00