Historia til Sparebanken

Bli med på dei viktigaste hendingane i Sparebanken Sogn og Fjordane si historie. Frå den spede starten som lokalbanken Førde Sparebank i 1842, via mange fusjonar undervegs.

Sparebanken før og no

Sparebankane skulle frå starten av vere hjelp til sjølvhjelp for folk med små inntekter, og bidra til økonomisk sjølvstende og tryggleik for den enkelte. Kvar bygd hadde sin sparebank fram til fusjonane starta i 1973. Tanken er framleis den same, men med dagens tekonologi er nettbanken vår største avdelingskontor. I løpet av 170 år har vi fusjonert med over 20 lokale sparebankar og er blitt fylkesdekkande bank. I dag har vi avdelingskontor i Bergen og har størst vekst utanfor fylket.

Etableringa av Sparebanken Sogn og Fjordane

1. april 1988 var ein merkedag, då vart Fylkesbanken ein realitet. Konsernadministrasjonen fekk kontorstad i Førde kommune. Banken er i dag representert i 13 av 26  kommunar i fylket, i tillegg til kontoret i Bergen.

Samarbeidspartnarar

Gjensidige etablerte i 2006 ein landsdekkjande nettbank med hovudkontor i Førde i tett samarbeid med  Sparebanken Sogn og Fjordane. Før dette samarbeidde vi med Sparebanken NOR (seinare DNB NOR) om nettenester og forsikring.

I 2014 vart vi medeigar i Frende forsikring, og gjekk over til å selje deira forsikringar.

Våren 2017 inngjekk vi eit samarbeid med 105 andre sparebankar om VIPPS-plattforma. Vipps er etablert som eige selskap. Les mer på www.vipps.no.

I juni 2018 kjøpte banken bustadlånportefølje frå Eiendomskreditt som utgjorde om lag 535 mill. kroner.

Interessert i meir informasjon om banken i dag, sjå Fakta om banken.


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00