ei drivkraft for fylket som sponsor

Vi heier på Sogn og Fjordane, og vil vere meir enn bank ved å sponse lag og organisasjonar i fylket som jobbar for barn og unge.

 Barn fotball

I tillegg til gåvemidlane, har Sparebanken Sogn og Fjordane eit godt samarbeid med ei rekkje aktørar om sponsing. Vi verdset felles kjerneverdiar og langsiktige samarbeid om tiltak for og med barn og ungdom innan idrett og kultur.

Vi er også med og støttar opp om næringsrelaterte engasjement som fremjar innovativ aktivitet i fylket og fylkesdekkande næringsarragement med stor oppslutning for næringslivet i fylket. Pr. januar 2019 har vi nærare 50 aktive sponsoravtalar fordelt over heile fylket.

Her er nokre av våre sponsorsamarbeid

Våt Moro
Våt Moro er ein havsportfestival for leik, moro og aktivitet som blir arrangert kvar sommar i Florø. Publikum får prøve aktivitetar der ein nyttar dei unike naturressursane som ligg rundt kystbyen Florø. Målet er å senke terskelen for å vere ute i friluft og i det våte element. Festivalen tilbyr Våt Moro Barnepark for dei aller minste og Ung Ekstrem for gruppa 12-16, samt aktivitetar for unge og vaksne.

Florø SK, fotball
Tidleg på 2000-talet starta klubben ei langsiktig satsing på eigne fotballtalent, mellom anna i eit eige fotballakademi. Det resulterte etter kvart i fleire sterke resultat. I 2017 spelte A-laget i OBOS-ligaen, men rykte dessverre ned igjen til 2. divisjon i 2018.

Førde IL, fotball
Fotballgruppa i Førde har sidan 1980-talet hatt ein eventyrleg vekst proporsjonalt med tilflyttinga til og utviklinga av Førde som tettstad. Med 120 lag og 1400 utøvarar i alle aldersklassar er dette ein av Noregs største fotballklubbar.

Førde Volleyballklubb
FVK er ein av Norges største volleyballklubbar. Klubben blei skipa i 1974, og har fleire gongar vorte norgesmestrar i aldersbestemte klassar. Dei har som målsetjing å vere best både på breidde og topp. FVK har vore ein gjengangar i eliteserien, og har elitelag både på dame- og herresida.

Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane
Som ein landsomfattande organisasjon i samspel med utdanningssystem, næringsliv og andre aktørar, jobbar dei for å utvikle barn og unge sin kreativitet, skaparglede og tru på seg sjølve. Sponsoravtalen vår med UE sikrar at fleire tusen elevar i fylket på ungdomsskule og vidaregåande får økonomiopplæring gjennom undervisningsprogramma «Økonomi og karriereval», og «Sjef i eige liv».

Sogn og Fjordane Fotballkrets
NFF Sogn og Fjordane har som mål å arbeide for fotball og futsal si utvikling innan kretsen, og fremje samarbeidet med idrettslaga. Samarbeidet inkluderer mange unge, blant anna ei årleg gjennomføring av Kongleriket miniputturnering.

Sjå alle våre sponsoravtalar

Kontakt oss

Ta kontakt med marknadssjef Gunn Aase Moldestad på tlf. 481 67 080 eller ditt lokale bankkontor, dersom du ønskjer å snakke meir med oss om sponsing.

 


Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00