Vi er meir enn berre ein bank

Vi vil skape, vi vil utvikle, vi vil dele. Vi vil vere meir enn bank.

Vi ønskjer å vere ei drivkraft for fylket ved å gi noko tilbake. Kvart år gir vi fleire titals millionar frå overskotet vårt i gåve til allmennyttige formål i Sogn og Fjordane.

To eigarstiftingar - to gåveinstitutt

Gåvemidlane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som vert forvalta av dei to eigarstiftingane våre; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler. Sparebankstiftinga Fjaler eig i dag 5,88 % av banken, og har Fjaler kommune som sitt nedslagsfelt. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane eig dei resterande 94,12 % og har heile fylket som sitt nedslagsfelt.

Begge desse gåveinstitutta skal byggje opp om visjonen til Sparebanken Sogn og Fjordane om å vere ei drivkraft for fylket. Midlane skal gjere fylket til ein rikare og betre plass å bu og først og fremst fremje viktige verdiar som mangfald, trivsel og utvikling.

Søknadsfristar

Har du ein god idè til eit prosjekt og treng støtte? Søk stiftingane våre om midlar til å realisere draumen din.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har søknadsfrist 1. mars og 1. september Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars

For deg som treng pengane litt raskare

Gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane sin «Forenkla søknad» er det mogleg å søkje om gåver på opptil 10 000 kroner utanom hovudfristane. Lag og organisasjonar kan søke om forenkla gåvemidlar heile året.

Ungdom i Fjaler/Holmedal som har ein idè til eit prosjekt dei vil gjennomføre og treng pengane raskt, kan søke Sparebankstiftinga Fjaler om «På rappen»-midlar på opptil 5000 kroner og få svar innan 10 dagar.

Søknadsskjema, vilkår og søknadstips

Les meir om vilkår og send søknad på eigne nettsider hos
Sparebankstifinga Fjaler og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sjå tidlegare gåvetildelingar

Gåver tildelt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Gåver tildelt av Sparebankstiftinga Fjaler

 

 

Kontakt oss

  • ALLTID OPE
    kl. 00.00-24.00