Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF
Banken har ledig stilling som fagansvarleg løn- og lønsadministrasjon samt HR-oppgåver ved hovudkontoret i Førde.
Søknadsfrist 02.05.2021.
Er du ein person som vil ta eigarskap til oppgåver og prosjekt innan løn- og lønsadministrasjon og HR ? Trivast du med å arbeide med folk, vere ein rådgjevar eller coach for leiarar og tilsette? Er du nøyaktig, god på kommunikasjon og å bygge relasjon og skape tillit, er du kanskje den vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak omfatte:
  • Handtering av løn frå A til Å, for tre selskap via "Aditro lønn og HR "
  • Ha overordna ansvar for løns- og personaladministrasjonsystem, samt utvikling innan lønsfeltet
  • Følgje opp arbeidsflyt og godkjenning i løns- og personaladministrasjonsystemet
  • Opprette og avslutte arbeidsforhold i gjeldande system
  • Avstemming mot rekneskap, arbeidsgivaravgift, forskotstrekk, finansskatt og årsavslutning
  • Administrasjon av pensjonsordning for tilsette
  • Rapportering internt og til det offentlege
  • Følgje opp krav og refusjonar frå NAV, sjukepengar, svangerskapspengar og fordeldrepengar, samt intern fakturahandtering
  • Vere fagleg ressurs i interne løns- og personaladministrasjonsspørsmål, rettleie og vere samtalepart for leiarar og tilsette
  • Oppdatere interne retningslinjer i gjeldande regelverk
  • Oppfølging av sjukefråver blant leiar/tilsette

Til stillinga søkjer vi deg som:
  • Har høgare utdanning innan løn/rekneskap og erfaring med lønsarbeid
  • Har god kjennskap til gjeldande avtaleverk, lover og reglar innan fagfelt som tariffavtale, arbeidsmiljølov, folketrygda, ferielov, skattelov, A-ordninga m.m.
  • Har god økonomiforståing innan lønsområdet og har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Kan arbeide sjølvstendig, nøyaktig, effektivt og strukturert
Noko av det Sparebanken Sogn og Fjordane kan tilby er eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, høve til utvikling gjennom utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank.
Stillinga rapporterer til HR-direktør.
Har du spørsmål om stillinga er du velkommen til å kontakte Fagsjef Aslaug Solvær, tlf 952 35 023 eller HR-direktør Eirik Rostad Ness, tlf 951 22 583
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Banken er ein viktig aktør for området og har mykje fokus på bærekraft, likestilling, inkludering og mangfald.
StillingstittelSøknadsfrist
Open søknad2025Sjå meir og søk