Bruker du eit rekneskapsprogram og ønsker å forenkle avstemming av konto? Vi tilbyr integrasjon mot fleire ulike leverandørar av rekneskapsprogram.
*Merk at avtale om nettbankintegrasjon berre gjeld utbetalingar. For å få innbetalingsfiler til rekneskapsprogrammet må du også ha ein OCR-avtale.

Registrere utbetalingar i rekneskapsprogram

Med integrasjon kan du registrere betalingar i rekneskapsprogrammet, og godkjenne dei enten der eller i nettbank bedrift - avhengig av kven som har tilgang til godkjenning. For å ta dette i bruk, må du bestille integrasjon mot rekneskapsprogrammet ditt. Vi tilbyr integrasjon mot:
  • 24SevenOffice
  • Duett
  • Fiken
  • Poweroffice GO
  • Tripletex
  • Uni Economy
  • Visma eAccounting
  • Visma.net Autopay
  • Xledger
  • Zdata

Skal du fakturere med KID?

Du slepp å registrere innbetalingane dine manuelt i rekneskapsprogrammet om du bruker KID-nummer. Innbetalingane kjem i staden som innbetalingsfiler direkte til rekneskapsprogrammet. For å ta i bruk KID-nummer bør du ha eit rekneskapsprogram som støttar fakturering med KID, og bestille ein innbetalingsavtale hos oss.

Ting folk lurer på