Publisert 9. april 2024

Ny støtteordning til energikartlegging og energitilstand

I ei ny satsing frå Enova kan bedrifter no søke om støtte til energikartlegging og forbetring av energitilstanden i yrkesbygg. Initiativet kjem som ein del av ein større innsats for å auke energieffektivitet og berekraft i næringslivet.
Bedrifter som ønsker å søke om støtte til energikartlegging kan få dekka inntil 50% av kostnadane og maks 400 000 kroner. Bedrifter som søker om forbetring av energitilstand kan få dekka inntil 30% av kostnadane og maksimalt 10 millionar kroner. Ved å tilby økonomisk støtte til energikartlegging og forbetring av energitilstanden i yrkesbygg, styrker Enova rolla si som ei drivkraft i overgangen til ein grønare økonomi.

Ei vellukka satsing på berekraft

Håvard Hagen, bransjeansvarleg for eigedom i Sparebanken Sogn og Fjordane, er positiv til dei nye tiltaka.
– Desse nye støtteordningane frå Enova er ei svært positiv nyheit for bedrifter. Dette vil gi dei moglegheit til å identifisere område der dei kan effektivisere energibruken sin og samtidig redusere driftskostnadane. I tillegg vil det vere eit viktig steg mot ei meir berekraftig framtid, seier Hagen.

Oppmoding til bedrifter

Med den nye støtteordninga tilgjengeleg frå Enova, oppmodast bedrifter innan den kommersielle sektoren til å nytte seg av denne moglegheita.
Hagen trur fleire bedrifter vil nytte seg av ordninga.

– Mange bedrifter ser at det er viktig å vere langt framme og tidleg ute når det kjem til berekraft og miljøtiltak. I det korte løp kan slike investeringar vere kostbare, men i det lange løp vil dei ha ein positiv innverknad på resultata og omdømmet til bedriftene. Derfor er støtteordningar frå Enova viktige og gode insentiv for å kome i gang, seier Hagen.

Inger Marie Lien

kommunikasjonsrådgjevar971 90 242inger.marie.lien@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Idrett og musikk i samspel

Banksjef Ole Aukland ved Florø-kontoret kunne ikkje funne ein flottare arena for å dele ut gåver enn i Eikefjord. For under Kongleriket-turneringa søndag vanka det pengar til både musikk og idrett i bygda.

Les heile saka
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024
Snart får dei ein stor Bjørnis6. mai 2024
– Nordmenn vil ha solgaranti30. april 2024
Pur sommarmagi i festivalbygda Nordfjordeid30. april 2024