FÅR STØRRE VERSJON: Denne vesle utgåva av Bjørnis er alltid med, men snart får Kinn Brann og redning ein mykje større versjon. – I ein periode lånte vi Bjørnis-maskoten til Sogndal her i Florø, og den var utrulueg populær, seier Geir Sagevik.
Publisert 6. mai 2024

Snart får dei ein stor Bjørnis

– Bjørnis er utruleg viktig i det førebyggande arbeidet. Vi har besøkt skular og barnehagar for å gjere barn merksame på alle farane ved brann, seier Geir Sagevik i Kinn Brann og redning.
Det var smil frå øyre til øyre då banksjef Ole Aukland rett føre helga dukka opp med ein gåvesjekk på 100 000 kroner til innkjøp av denne populære maskoten Bjørnis.
– Då er det heilt fantastisk at naboen her kjem ruslande på denne måten, og har med seg nok pengar til at eg allereie no kan bestille ei stor Bjørnis frå Skottland. Dei har leveringstid på mellom to og tre månadar, då desse er handsydde. Eg veit at det er kjempemange barn og unge som no kan glede seg til å treffe ein «ekte» Bjørnis» utpå haustparten, seier Geir Sagevik som er ansvarleg for førebygging i Kinn Brann og redning.
Gåva er er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Reddar liv

Sagevik kan vise til mange svært gode opplevingar med bruk av maskoten, og meiner heilt klart at maskoten Bjørnis allereie har redda liv.
– Bjørnis er utruleg viktig i det førebyggande arbeidet. Vi har besøkt skular og barnehagar for å gjere barn merksame på alle farane ved brann. I ein periode lånte vi Bjørnis-maskoten til Sogndal her i Florø, og den var utruleg populær. Vi ser at når vi er ute på tur, og har med oss mini-Bjørnis, så er det mange ungar som omtrent forsvinn inn i leikeverda saman med bjørnen. Den har voldsom appell til ungar, og dei fleste kjenner til den gjennom TV og andre medier, fortel Sagevik når Ole Aukland og Torbjørn Orheim frå Sparebanken Sogn og Fjordane dukkar opp saman med Bente Nilsen frå Frivillighetssentralen i Florø.
Saman med Sagevik hadde Nilsen sendt søknaden til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og hadde dessutan også sjølv med seg 10 000 kroner i gåve til innkjøp av Bjørnis.
– Det er berre heilt fantastisk at Sparebankstiftinga tek dette grepet. Og då kastar vi oss også på, smiler Bente Nilsen og ser at tårene omtrent renn på kinnet til Sagevik.
GÅVE: Med denne gåva kan Kinn Brann og redning snart vente seg ein Bjørnis-maskot. Frå venstre: Torbjørn Orheim, Geir Sagevik og Ole Aukland.

Dei sårbare

– Dette er heilt fantastisk. Eg veit at dette vil bety utruleg mykje for dei sårbare. Vi har opplevd at ungar, som har opplevd traumatiske situasjonar og opplevd brann, har fått svært god hjelp i å bearbeide kjenslene sine gjennom leik med Bjørnis. Dessutan veit vi at Bjørnis har hatt stor førebyggjande effekt når den er aktivt brukt i skular og barnehagar. Det er utruleg viktig å gjere dei unge i samfunnet bevisste på brannfarene, seier Sagevik.
– Vi ser på dette som eit svært godt formål, og derfor meinte vi at dette måtte vi kunne løyse, og då er det utruleg kjekt å sjå denne mottakinga, seier Aukland medan Geir Sagevik troppar opp med ein mini-Bjørnis dei har med seg i brannbilen på alle utrykkingar.

Vrakar bestefar

– Vi har alltid med oss ein mini-Bjørnis, og har delt ut fem slike til familiar i området vårt som har vore uheldige med å oppleve brann. Då ser vi at Bjørnis er utruleg viktig for å gje trøyst til ungane, og på den måten kan hjelpe barn gjennom sterke og vonde inntrykk, seier Sagevik og fortel at han sjølv har erfart at Bjørnis stel all merksemd når han er saman med barnebarna sin og tek med seg ein maskot.
– Då er ikkje eg som bestefar lenger interessant, ler han hjarteleg i samband med gåveutdelinga til Kinn Brann og Redningsteneste.
PS: Bjørnis er ein populær figur på TV og i soisle medier, og er ein stor suksess på NRK. Det er om lag 150 brannvesen i Norge som har gått til innkjøp av fullskala Bjørnis, og no kjem altså Kinn etter.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024