RÅD: Gunnar Heggheim er leiar på investeringssenteret til banken, og forklarer kvifor ein bør fortsette fondssparinga - også i usikre tider.
Publisert 10. februar 2023

Tre grunnar til å fortsette fondssparinga – sjølv i usikre tider

– Eg meiner det alltid er viktig å spare, og kanskje spesielt no, seier leiar for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunnar Heggheim.
Leiaren for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner sparing er smart, uansett. I dag sparar rundt 40 prosent av kundane over 18 år i fond. Og det bør dei fortsette med, meiner Heggheim.
Gunnar sine grunnar for å spare i fond:
  • Du får langsiktig meiravkastning
  • Du tar del i verdiskapinga i næringslivet
  • Du beheld kjøpekrafta til kapitalen din
– Eg har enorm respekt for dei som slit med prisvekst, renteauke og straumprisar. Då er det freistande å avslutte spareavtalar ein har. Mitt tips er å justere ned summen om du kjenner du treng pengane til andre ting, i staden for å kutte ut spareplanen heilt. Kuttar du tvert går du heilt ut av marknaden, og det kan vere lett å gløyme å kople seg på igjen seinare, seier han.


– For dei fleste lønnar det seg å halde seg til planen

Sjølv om det svingar i marknaden, vil det for dei aller fleste lønne seg på lang sikt å sitte stille i båten.
– Det kan vere ubehageleg å sjå raude tal. Det er ein grunn til at eg ber dei fleste kundane mine om å ikkje følgje med for mykje. For dei aller fleste vil det lønne seg å halde seg til spareplanen og ikkje sjå på dei kortsiktige svingingane. Hugs at ved å halde på avtalane får du kjøpt fleire andelar for same kronebeløp når aksjemarknaden går ned, seier han.
Han seier at sjølv om det er nokon som føler behov for å ta ned beløpa dei sparer, så er det nok også mange av kundane i banken som med fordel kunne auka opp sine avtalar.
– Vi har fleire kundar som oppretta ei spareavtale for 5-10 år sidan, og har sidan då både betalt ned gjeld, fått betre løn og kanskje kome i ny livsfase med meir rom. Dei har heilt gløymt å justere opp i takt med livsendringa, og dei bør vurdere å justere opp avtala si for å auka langsiktig inntening, seier han.
Før du startar sparing bør du ha kontroll på desse elementa i økonomien din:
  • Ha ein buffer ståande på konto for uforutsette utgifter
  • Er du ung med husplanar, prioriter BSU-konto før fond
  • Betal ned kredittkortgjeld eller forbrukslån
Er desse tinga på plass er det berre å starte sparinga di.
– Du kan teste spareroboten vår på nettsida vår, og der kan du også finne ulike fondspakkar i ulike risikoklassar, seier Heggheim.
– Ein del av kundane våre likar å prøve seg fram på eigenhand, men treng du hjelp eller har spørsmål sit rådgjevarane våre klare til å hjelpe deg, seier han.


Sparerobot og fondspakkar

Sjekk også ut videoane våre om den nye spareroboten vår og dei ulike fondspakkane vi tilbyr. Videoane kan du sjå under om du er på mobil, og til høgre om du sit på PC.
Spareroboten kan du sjølv teste her, og meir fondspakkane kan du lese om her.

Johanne Viken Sandnes

Leiingkommunikasjonsdirektør959 21 208johanne.sandnes@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024