Derfor bør du ha ein Aksjesparekonto

Ønskjer du å ha fleksibilitet i privatøkonomien mens du sparar, er sparing i aksjefond eit godt alternativ. 
Sparebanken Sogn og Fjordane tilbyr ei todelt løysing, som gjer at du som kunde kan få ein Aksjesparekonto (ASK) for fond og ein for aksjar. Med ein aksjesparekonto (ASK) får du samla alle aksjefond og aksjar, noko som gjer det meir gunstig og oversiktleg å spare i desse. Du disponerer pengane heilt fritt i spareperioden og spareavtala teiknar du sjølv. For dei aller fleste er månadleg spareavtale det beste. Då slepp du å tenke noko på sjølve sparinga, og det blir enklare å budsjettere inn med resten av inntektene og utgiftene dine. På ein fast dato i kvar månad kjøper du andelar for eit fast beløp, og i periodar med fallande kursar får du fleire andelar for same sparebeløp – dette drar du nytte av når kursane stig igjen.

Derfor bør du ha ein ASK:

  1. Kontoen er gratis, og du får full oversikt i vår nett- og mobilbank
  2. Du kan kjøpe, selje eller bytte aksjar og aksjefond utan at det utløyser skatt undervegs
  3. Det er ingen bindingstid
  4. Du får samla alle aksjefonda på éin plass
  5. Du kan ta ut det du har sett inn på konto når det passar deg – skattefritt!
  6. Du betaler først skatt når du tar ut gevinst

Slik kjem du i gang med ASK

Logg deg på i nettbanken og bestill ny Aksjesparekonto for aksjar i menyen til høgre, ved å klikke på knappen VPS Investortjenester.

Siste frå meirennbank.no

Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner

I 2021 vart K1-trappa i Høyanger stengt. Håpet er at dei i løpet av 2025 endeleg kan sleppe folk opp igjen fjellsida – i ei ny trapp som sjølvsagt skal lagast av resirkulert aluminium frå Høyanger.

Les heile saka
Ikonisk Høyanger-trapp får to millionar kroner14. mai 2024
Her lurer Bambi på kva som skjer14. mai 2024
– Millionane er eit viktig signal13. mai 2024
Idrett og musikk i samspel7. mai 2024