Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF
Det viktigaste kraftbransjen kan bidra med i det grøne skifte, er å produsere mest mogleg fornybar energi. I tillegg kan dei vurdere om det finst rom for å utvide produksjonskpasiteten.

Utfordringar og moglegheiter i kraftbransjen

EU sitt lovbestemte mål om eit nullutsleppssamfunn innan 2050 vil føre til stigande prisar på fornybar energi, noko som kan føre til eit styrka inntektsgrunnlag for småkraftnæringa. På den andre sida vil ein stadig større del uregulerbar fornybar kraft (vind) føre til langt større prisvariasjonar enn tidlegare.

Kva tiltak kan bransjen gjere?

Det enkle svaret er å produsere mest mogeleg fornybar energi. Eit meir utfyllande svar er at kraftverka kan vurdere om det finst rom for å utvide produksjonskapasiteten sin, for eksempel ved å byggje små reguleringsmagasin. Det vil vere eit konsesjonspliktig tiltak som krev løyve frå vassdragsmyndigheitene (NVE).

Taksonomi og kraftbransjen

Reglar for kva som reknast som berekraftige investeringar. Kraftbransjen var lenge ikkje rekna som berekraftig i det heile teke grunna lite produksjonspotensiale i forhold til naturinngrepa. I ei oppmjuking av regelverket blir no vasskraft rekna som grøn

Relevante berekraftsmål for bransjen

Mål 7

Vasskraftverka bidreg til å gjere samfunnet mindre avhengig av fossile brennstoff gjennom å levere fornybar, utsleppsfri energi. Utbygging av fornybar kraft kan ha ein negativ påverknad på berekraftsmål 15 om liv på land. For å oppnå konsesjon etter vassressurslova, må dei samfunnsmessige fordelane med tiltaket vere større enn ulempene. Som ulemper blir naturinngrep og konsekvensar for biologisk mangfald tekne omsyn til.

Mål 12

NVE, som er løyvemyndigheit, har ei eiga avdeling for miljøtilsyn som følgjer utbyggingane tett. Når kraftverket er ferdig bygd, føretek NVE ei sluttsynfaring der det blir kontrollert at kraftverket er bygd i samsvar med framlagde detaljplanar. Landskapspleia står her i fokus, for eksempel ved at røyrtrassèen skal vere dekka til med massar som stimulerer til naturleg attgroing. I konsesjonen er det også stilt krav om minstevassføring, for å sikre det biologiske mangfaldet. Løyvemyndigheita følgjer opp at krava om minstevassføring blir etterlevde.

Mål 13

Utsleppsfri energi er ein viktig faktor for å halde temperaturen på kloden på eit forsvarleg nivå. Vasskraftprodusentane bidreg til klimautfordringane ved å redusere bruken av fossilt brennstoff.