Bankgaranti gir kjøpar og seljar ein ekstra tryggleik ved at Sparebanken Sogn og Fjordane stiller som garantist for at innhaldet i kontrakta kjem til å bli oppfylt.
Sikrar betaling av varer og tenester
Sikrar ofte oppfylling av leveringstid
Kan vere ein styrke i forhandlingar
Ofte ein føresetnad for å få ei kontrakt
Vi tilbyr fleire ulike typar garantiar:
- Betalingsgaranti garanterer overfor tredjepart at bedrifta di vil gjere opp for seg. Tredjepart kan t.d. vere leverandørar eller utleigar.
- Kontraktsgaranti brukast ofte når bedrifta skal utføre arbeid for ein oppdragsgjevar, ofte innan bygg- og anleggsbransjen.
- Transportløyvegaranti er ein garanti somme bedrifter er plikta å stille til Statens Vegvesen når dei får innvilga transportløyve.
Det finst også andre typar garantiar. Dersom du ikkje finn den du leitar etter i bestillingsskjemaet vårt, kan du velje "Andre" og spesifisere kva type garanti du ønsker.