Økonomi kan vere eit krevjande aspekt i alle skilsmisser, og ofte må ein ta store avgjersler. Det kan vere lurt å tidleg skaffe seg oversikt over korleis økonomien heng saman, og korleis han vil sjå ut framover. Her får du oversikt over korleis du kjem i gang med bufordelinga og eit eventuelt bustadsal.

Kva gjer vi med hus og heim?

Kva ein skal gjere med hus og heim er ofte det første spørsmålet som dukkar opp etter eit samlivsbrot. Vil de selje, eller kan ein av partane behalde bustaden? For å avgjere dette må de skaffe oversikt over økonomien. Når det er gjort er det lurt å kontakte rådgjevar i banken for rettleiing, og kanskje også ein meklar for å finne ut kva bustaden er verd.
  • Kor mykje lån vil eg eller den andre sitte att med?
  • Kva verdi har bustaden no?
  • Kva andel eigenkapital gjekk kvar av oss inn med?
  • Kan vi bli einige om ei avtale?

Har de barn?

Alle par med barn som går frå kvarandre må møte til obligatorisk meklingstime hos Familievernkontoret. Her vil de sjå på kva bustadsadresse barna skal ha, og kva samvær dei skal få ha med kvar forelder. Dette vil påverke kven som får utbetalt barnetrygd, og i kva grad det blir snakk om barnebidrag. Det kan vere greitt å avtale korleis ein skal dekke utgifter til barnehage, SFO, fritidsaktivitetar, ytterkle, forsikring og sparing til barna. Og som med eigendelar, få alt ned i ei skriftleg avtale!

Ei lita sjekkliste